Månedlig arkiv: desember 2009

God jul og godt nytt år!

30 desember 2009
Skrevet av:

j0432959IL Ravn ønskjer sine aktive, tillitsvalgte, medlemmar, sponsorar og andre eit godt nytt år! Saman skal vi sørge for at 2010 blir nok eit strålande år for IL Ravn og bygdene våre.

NB! Det er for tida fine forhold med fine løyper for skigåing i lysløypa i området rundt Ravn Stadion (02.01.2010). Ta deg ein skitur med familien!

Kaffiavtale 2010.

21 desember 2009
Skrevet av:

Best_logoIL Ravn har inngått avtale med Best om salg av kaffiavtaler for 2010. For 119 kr får du ein kaffekopp som du kan fylle hos Best når det måtte passe deg. Dersom du bestiller ein kaffiavtale med Best gjennom IL Ravn, vil alle inntektene gå direkte til IL Ravn. For at pengane skal gå til IL Ravn må du altså kjøpe koppen hos Il Ravn. Inntil vidare kan du sende inn bestilling på epost til: admin@il-ravn.no

Vi har allereie koppane på lager. Så det er berre å hive seg rundt å bestille. Alle bør ha minst ein slik kopp i bilen sin. Og kaffen, den er skikkelig god!

IL Ravn og grasrotandelen.

16 desember 2009
Skrevet av:

Grasrot133 personer har til no knytt spillkortet sitt hos Norsk Tipping opp mot IL Ravn. Det betyr penger i klubbkassa. Norsk Tipping må då betale 5% av summen det blir tippa for til IL Ravn. Tippar du for ein hundrelapp, må altså Norsk Tipping utbetale 5 kr til IL Ravn. 131 personar er eit flott antal, men vi tek meir enn gjerne imot fleire. Så kjenner du nokon som ikkje har knytta spillkortet sitt opp mot lokale organisasjonar som feks Ravn, be dei gå til tippekommisjonæren og fiks dette så fort som mogeleg. På den måten vert mest mulig pengar ført tilbake til organisasjonar som er med på å utvikle lokalsamfunnet vårt. Dersom du ikkje gjer dette havnar pengar som ellers hadde gått tilbake til lokalsamfunnet ein anna stad.

Ole Birger Neergard til SIF.

15 desember 2009
Skrevet av:

Ole_BirgerOle Birger Neergard går til Skarbøvik IF. Etter å ha trena med SIF i 2 månader har no Ole Birger signert overgangspapira, og er dermed klar for spel i den zebra-stripa SIF-trøya over nyttår. SIF spelar som kjent i 2. divisjon, og har velkjente Sture Fladmark som trenar. Ole Birger har tenkt seg grundig om, og velger å ta utfordringa. Eit tøft valg av ungguten. Men vi meinar han gjer det rette, og ønskjer han lykke til i SIF.

IL Ravn startar med skitrening tirsdag 17. nov.

14 desember 2009
Skrevet av:

langrennSkigruppa er i gong igjen med treningstilbod til deg som er glad i å gå på ski. Det vert trening kvar tirsdag framover fra kl 18-19. Tilbodet gjeld for 4. klasse og oppover. Oppmøte ved Eidet Kulturhall. Fram til snøven kjem, blir det barmarkstrening.

Når det kjem snøv, vil det bli køyrt opp løyper på Krogsætra, og treningane vil bli lagt dit. Det er og bestemt at trakkemaskina skal flyttast dit. På den måten vil ein kunne ha løyper i eit område med meir snøv, enn det er ved klubbhuset der trakkemaskina befinn seg i dag.

Sjå infoskriv frå skigruppa: skitrening

Spreke gutter 2000 på trening 30.11.09

06 desember 2009
Skrevet av:

G2000 trening

Spreke gutter 2000 på trening 30.11.09 med snøen lavende ned. Flott innsats av trenere og lagleder med rydding av bane. 25 – 30 cm med snø måtte vekk. Guttene storkoste seg og viste skikkelig innsats, dette gjorde også ryddemanskapet.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv