Ravnspelarar ettertrakta vare!

12 november 2009
Skrevet av:

Ole_BirgerDet årlege haustfisket frå naboklubbane våre etter gode Ravnspelarar er i gong igjen. I år har Brattvåg og Norborg lagt ut sitt agn etter Ole-Birger Neergård (bildet, for tida på treningsopphald med SIF), Øyvind Koppen Krogsæter, Trond Hamre og Øyvind Farstad. Ravn er no i ferd med å bygge opp eit godt seniorlag, med ei fin blanding av ungdom og rutine. Med Erlend Fjørtoft på plass som trenar i 2010, tyder alt på at laget vil fortsette si fine utvikling. Etter at laget var eit av dei aller dårlegaste på Sunnmøre i 2008, tok dei eit langt steg framover i 2009, dette laget vil utvikle seg vidare i 2010. Juniorlaget hadde og ein god sesong i 2009, fleire av spelarane utvikla seg mykje under Per Ove Tennfjord si kyndige leiing. Sannsynlegvis fortset han i trenargjerninga. I sum betyr dette at IL Ravn vil kunne gje eit  svært godt treningstilbud på junior- og seniorsida i 2010. Vidare er miljøet i laga godt, og vi håpar naturlegvis at spelarane våre ser verdien i dette og blir med vidare for å gjere IL Ravn til ein endå betre klubb.

Til slutt vil vi oppfordre våre naboklubbar til å heller bruke kreftene sine på å utvikle spelarar sjølv. Vi trur det er meir fornuftig klubbutvikling på sikt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv