Sluttspelet i 5. divisjon, slik vi vurderar det.

09 oktober 2009
Skrevet av:

Som kjent skal opprykk frå 5. divisjon til 4. avgjerast med sluttspel. 5. divisjon bestod i år av 3 avdelingar. Dei 2 laga som tok dei 2 fyrste plassane i kvar avdeling skal møtast i enkel serie. Dvs 6 lag, 5 kampar kvar og dei 3 beste til slutt rykkjer opp. Med denne tulne ordninga som enkelte klubbar fekk trumfa igjennom, risikerer ein at eit lag som vann si avdeling ikkje rykkjer opp. Til dømes kan HaNo bli offer for denne (etter vår meining håplause) ordninga. Avdelingsvinnarane er Gursken/Larsnes, MSIL og HaNo. 2er-laga er Tjørvåg, Skodje og Ellingsøy. Avdelingsvinnarane får 3 heimekampar og 2 bortekampar, 2er-laga får 2 heimekampar og 3 bortekampar.

Nordicbet har sett opp odds på vinnaren, og oddsa er slik: Gursken/Larsnes 2, MSIL 3, HaNo 5, Ellingsøy 7.5, Skodje 8 og Tjørvåg 15. Dei held med andre ord Gursken/Larsnes som favoritt.

il-ravn.no trur Nordicbet har fått dette nokonlunde rett. Vi er litt usikre på styrken til Gursken/Larsnes, som fekk mange forsterkningar i sommar, blant anna frå Hødd, Bergsøy og Hareid. Dei har også hatt ein god haustsesong. Vi sit likevel med ei kjensle av at avdelinga på søre er den svakaste og trur MSIL vil ta 1. plassen i sluttspelet framføre Gursken. Vidare trur vi at Ellingsøy fort kan ta 3. plassen (siste opprykksplass) og dermed snyte HaNo for eit fortjent opprykk (men vi håpar at avdelingsvinnarane dreg dette i land). Men HaNo vil med si rutine og evne til å avgjere tette kampar på slutten garantert gi dei andre laga tett kamp om opprykksplassane.  Skodje og Tjørvåg trur vi blir for svake i dette selskapet. Vi dristar oss difor til å tippe fylgjande sluttabell: 1. MSIL, 2. Gursken/Larsnes, 3. Ellingsøy, 4. HaNo, 5. Skodje, 6. Tjørvåg.

Sluttspelet startar i kveld med oppgjeret MSIL-Skodje (H), søndag møtast  Gursken/Larsnes-Ellingsøy (H) og Tjørvåg-HaNo (B). Vi vil då få ein peikepinn på styrkeforholda mellom laga (og om vi er gode til å tippe, våre tips i parantes).  Ellingsøy eller Tjørvåg kan greie poeng om dei har ”dagen”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv