Juniorlaget tapte mot Valder.

12 oktober 2009
Skrevet av:

Junior

Ravn – Valder 2-4 (2-0)

Mål Ravn: Ole Birger, Even (str).

Dommar: Arild Vegsund, Norborg. God

Gult kort: Gunnar, +3 til Valder.

Ravn: Holger, Thomas, Kim, Øystein (Emil) Eirik U Orheim, Gunnar,(Steffen) Even, Erik, Ole Sivert, (Dag) Eirik Tomren (Jørgen) Ole Birger.

Ravnjuniorane leia 2-0 ved pause , men måtte sjå seg slått 2-4 av eit godt Valderlag i sesongavslutninga.  Ravn leverte ein framifrå innsatsfyllt 1.omgang, og tok leiinga etter ein sterk soloprestasjon av Ole B. På eit framspel starta han 8 meter bak Valders bakerste mann, men forserte forbi og dundra ballen i mål.

Gunnar var stadig på farten på høgrekanten, og då han forserte og vart riven ned i feltet vart det straffespark som Even scora på.

Etter pause kom eit skjerpa Valderlag på banen. Med 5 spelarar frå startoppstillinga til A-laget  (3-divisjon) tok dei kommandoen, og utlikna før det var gått 10 minutt. Det første på eit fantastisk volleyskot.

Ravn kom meir til hektene og hadde sine sjanser til mål, sjølv om Valder hadde fleire og større. 2-2 sto seg til kvarteret var att, då kom det to lettkjøpte mål som gav 2-4.

Tapet til tross, det var ingen grunn til å henge med hovudet. Innsatsen var upåklageleg, og i perioder viste vi kjapt og godt angrepsspel. Men alt i alt var Valder eit jamnare og betre lag.

 

Dermed vart det 6.plass på juniorlaget med 23 poeng, etter at vi låg sist med 4 poeng då haustsesongen starta. Kampane i vår enda med 1-1-6, i haust vart det omvendt med 6 vunne og ein uavgjort før Valder ?øydela? statistikken. Ravn har hatt ein formidabel haust, og  totalt sett må vi vere godt fornøgd med sesongen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv