Bygdakampen Vatne-Tennfjord (0-0) 2-0. Oppdatert med bilete.

17 oktober 2009
Skrevet av:

Fortjent siger til Vatningane som var hakket kvassare og som framviste større vinnarvilje.

1. omgang var temmeleg javnspelt med ein del halvsjansar til begge lag. Tennfjordlaget var eit lite hakk betre i denne omgangen. Tennfjordingane og Jørn Killingmo fekk og ei skåring feilaktig annulert for hands etter litt fram og tilbake i feltet. Ballen var aldri i handa på Jørn. Det skulle difor stått 1-0 til Tennfjord ved pause. Men la det vere sagt, dommar Bjarte Steinsbu dømde godt og var nok ein av banens beste aktørar.

I 2. omgang dominerte Vatningane og skapte mykje sjansar. Alagets måltjuvar Ole Birger Neergård og Trond Hamre stod for skåringane, og etter at dei gjorde 2-0 var det ikkje nokon tvil om kvar sigeren skulle ende. Best på Vatnelaget var kanskje Kim Krogsæter og Eivind Ulla, medan Lars Otterlei og Øyvind Farstad nok var dei beste på Tennfjordlaget.

Uansett ein flott måte å avrunde utandørssesongen på, og vi trur nok at desse kampane blir ein årviss tradisjon. Takk til Arnt-Ove for flotte bilete.

dommartrio.jpg

Picture 1 of 4

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv