A-laget med solid sesongavslutning, 8-0 over Lepsøy!

04 oktober 2009
Skrevet av:

Alag

Framfor 12 forhutla og gjennomfrosne tilskodarar varta Ravn opp med  angrepsspel som varma og ein knusande 8-0 seier over Lepsøy  i sesongavslutninga. (Desse 12 tilskodarane gjorde forøvrig eit mykje lurare valg enn oss som valgte å reiste på Color Line Stadion).

Mål: Ole Birger (3), Eivind (2), Even, Trond, Øyvind K

Laget: Holger, Stian,(Ole Magnus) Øyvind Farstad, Knut, Øyvind K, Even, Jørn H (Anders), Eivind, Trond, (Tore) Ole B., Thomas (Frank)

Ravnbørsen: 3 p: Eivind, 2 p: Trond, 1p: Øyvind K

I ein for så vidt betydningslaus kamp ville Ravn mest, og spelte etter kvart ut eit Lepsøylag som var slitne og glad då fløyta gjekk for full tid. Heile Ravnlaget leverte ein god kamp, og juryen hadde  mange gode kandidater til «dagens Ravning». Nesten uforståeleg at det vart 1-0 til Lepsøy i vårkampen!

Etter jamne åpningsminutt hadde faktisk Lepsøy første sjansen på ei god heading, men Ravn hadde like etterpå ein megasjansa som Ole B sette over  frå kort hald – med venstra. Men derifrå og ut dominerte Ravn, og skapte sjanse på sjanse med godt kantspel og gode innlegg. Trond var mannen bak mykje: først la han eit perfekt legg som Eivind heada i mål, så fekk han eit langt framspel frå Øyvind K, tok det ned og lobba over keeper i same bevegelse. 3-0 kom etter ei lynrask perfekt kontring: Øyvind K til Trond på høgrekanten, han forserte i bakrom til linja, la innlegg  til Ole B som gjorde 3-0.

2.omgang  var ei stund mållaus, sjøl om Ravn hadde full kontroll. Men siste 25 minutta kom det fem flotte mål. Midtbanesjef Eivind stod fram som banens beste med utsøkte pasninger og  sterkt duellspel. Han fekk god hjelp av Even (17) som spelte sin første kamp frå start . Even spelte betre  til lenger kampen varte, og var ein av dei dominerande etter pause. Han fekk også  gleda av å score sitt første seriemål for A-laget på eit langskot like under tverrliggaren. Ole Birger kom også sterkt på slutten og noterte seg for to fine mål. Har vel blitt minst 20 mål i haust for Ole på A- og jr.lag!

Flottaste målet var det Øyvind K som gjorde: frå høgrebacken raida han opp frå eigen banehalvdel, slo ein vegg,  gjekk igjennom og runda keeper før han la ballen i mål.

Med ei kjemperedning via tverrliggar sikra Sven at Ravn for første gong i år heldt nullen. Forsvaret var stødig, Øyvind Farstad spelte stort og har blitt ein veldig fin tilvekst.

Ravnlaget som avslutta sesongen var ei fin blanding av ungt og litt eldre. Fire juniorer spelte frå start, fleire er i kjømda, og saman med dei meir rutinerte bør dette gje eit enno betre A-lag neste år.

Svært avgjerande er det at trenar Erlend Fjørtoft tar (minst) eitt år til. Han har gjort ein kjempejobb, fått guts inn i laget og etablert eit offensivt gjenkjenneleg spelemønster. Vel blåst Erlend og dine disipler!

Laget ender på 3. eller 4. plass, avhengig av korleis oppgjeret Giske-Harøy endar (med Harøypoeng tek dei 3.plassen).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv