Månedlig arkiv: oktober 2009

Herre 7 trening søndag kl 20.

30 oktober 2009
Skrevet av:

Det blir herre7 trening på søndag kl 20 som vanleg. Vi oppfordrar også alag- og juniorspelarar til å ta seg ein tur, og alle andre som treng ei trimøkt! Og naturlegvis norborgarane.

Keepertrenerkurs barnefotball på Ravn Stadion.

28 oktober 2009
Skrevet av:
keeperTirsdag 3. november starter SFK kurs for trenere i barnefotballen med henblikk på å trene lagets keepere. Kurset starter kl 17.30 på Eidet Kulturhall med en teoretisk del, deretter blir det en praktisk del ute på bana. Vi oppfordrer våre trenere til å delta på dette nyttige kurset. IL Ravn betaler påmeldingsavgiften for de som er trenere i Ravn.
Mer om kurset og påmeldingsinformasjon finner du her: Keepertrenerkurs

Fotballavslutning for Alaget sesongen 2009.

26 oktober 2009
Skrevet av:

Alag

På fotballavlutninga for alaget i helga vart det utdelt  priser til tre spelarar og blomster til trener Erlend Fjørtoft, kaptein/trenerass. Eivind Grøtt Ulla og oppmann/manager (som han likar best å bli kalla) Bjørn Kårvatn for deira innsats i sesongen 2009.

Det vart delt ut fire priser:  Toppscorar, Slitaren (den som har mest treninger), Årets BB (den som fekk mest poeng  tilsamman på alle heimekampane), og den gjevaste Årets speler (der alle spelarane fekk stemme på sin spelar).

Årets spelar:  Trond Hamre 44 poeng ,  Eivind Grøtt Ulla 43 poeng , Øyvind Koppen Krogsæter 43 poeng.

Årets BB: Øyvind Koppen Krogsæter 25 poeng , Eivind Grøtt Ulla 23 poeng,  Trond Hamre 19 poeng.

Årets slitar : Øyvind Koppen Krogsæter 73 treninger av 78, Magnus Sperre Tennfjord  68 treninger, Eivind Grøtt Ulla 60 treningar.

Årets toppscorar: Ole Birger Nergård 11mål, Trond Hamre 9 mål, Sverre Flem 8 mål.

bjorn_erlend.jpg

Picture 1 of 7

Suksessfullt LAN på Vatne.

26 oktober 2009
Skrevet av:

Junior

Fotballgruppa i Ravn, med juniorlaget i spissen, avvikla eit så godt som prikkfritt LAN-arrangement i helga. Bortimot 200 ungdommar var innom Eidet kulturhall frå fredag  til søndag. Ca 120 med PC, – dei fleste gutar, – medan jentene var i klart fleirtal blant dei besøkande.

På kort varsel var det juniorlaget med foreldre som tok på seg arrangementet, og fekk god hjelp av G16/J16 m/foreldre. Resultatet  vart eit stort overskott. Kjempebra – og ein stor takk til alle som deltok!

G2000 på Bendit cup i Molde.

26 oktober 2009
Skrevet av:
Fotballpresident Sondre Kåfjord deler ut premier
Fotballpresident Sondre Kåfjord deler ut premier

Gutter 2000, stod opp nesten før sola 24.10, og reiste til Molde med 2 lag på Bendit Cup i Akerhallen. Med motstand fra Åndalsnes, 3 lag fra Molde FK, Træff og Bud viste våre gutter nok en gang at vi ikke ligger noe tilbake når det gjelder innsats, teknikk og spilleforståelse. Ja enkelte av våre motstandere var rett og slett imponert når det gikk som best. Kjempeflott innsats av alle, som etter kampene fikk premier og diplom av fotballpresident Sondre Kåfjord. De fleste syntest de hadde sett han før, men lurte veldig på hvem det var. Med god treningsiver gjennom vinter og vår håper vi å kunne fortsette den gode trenden. Vi har trening mandag, torsdag og lørdag på banen utover høsten, og vist vi finner noen cuper/turneringer så se ikke bort ifra at denne ivrige gjengen reiser avgårde. Hørte jeg snakk om Kongsvinger……..

Lagsidene til G2000 er oppdatert med bildegalleri fra turneringen.

Gladmelding til alle Ravn-supportarar.

26 oktober 2009
Skrevet av:
Oppmann Bjørn Kårvatn og trenar Erlend Fjørtoft
Oppmann Bjørn Kårvatn og trenar Erlend Fjørtoft

Erlend Fjørtoft har gjort ein flott jobb som trenar for alaget i år. Og no er det klart at han også blir trenar for alaget til IL Ravn i 2010. Dette er gode nyheiter for fotballen i IL Ravn.

J16 med flott haustsesong.

21 oktober 2009
Skrevet av:

Ravnj16 02

J16 spelte sesongens siste kamp i kveld heime på det flotte kunstgraset vårt.
Motstanderen var Herd sitt J16 lag.

Ravn jentene spelte nok ein god kamp og det spesielle i kveld var at dei kun var 8 spelarar – så det vart ein litt slitekamp.
Herd tok leiinga tidleg i første omgang, men ravn svara ganske fort på det og scora raskt eit mål til og dermed stod det 2-1.
Herd scora 1 og 2 mål til og gjekk til pause med 3-2. Ravn jentene bretta opp armane……. for denne kampen skulle dei vinne!!
Ravn hadde mange gode sjanser og mykje fint spel og utlikna til 3-3. Herd putta på eit mål til, men Ravn klarte og score 2 til og dermed stod det 5-4 til Ravn.
Så det vart nok ein seier til J16 som har hatt ein flott haustsesong!!
Dei klatrer heilt til topps på tabellen og vinn 2.div avd 2 haust.
Gratulerer til jentene som no tek ein velfortjent ferie !! Trener Arne Vatne takker for seg og ønsker jentene lykke til vidare!

G14 vann mot Vigra.

20 oktober 2009
Skrevet av:

G14Etter tap i dobbelkampar mot Hessa i forrige uke, spelte G14 ein god kamp mot Vigra på heimebane søndag ettermiddag. Kampen enda 6-1 til Ravn, etter 2-0 til pause. Laget viste vinnarvilje og spelehumør og med det kom mange gode prestasjonar. Eirik Tomren var i skikkeleg godlune og scora heile 5 mål, nokre av den veldig vakre sorten. Det siste vart scora av Stian Stokke på frispark

Fleire av gutane spelte opp imot sitt beste og spesielt hyggeleg er det at fleire frå G13 har tatt steget opp til G14 (og dermed 11-fotball) på ein god måte

Rica Parkett Cup J13, Eidet Kulturhall 14.-15. november.

20 oktober 2009
Skrevet av:
Ravn sitt blide J13-lag

Ravn sitt blide J13-lag

19 lag har meldt seg på ved påmeldingsfristens utløp. Det er eit veldig bra antall i ei klasse som det normalt sett ikkje har vore så stor deltaking i. Turneringa kjem til å halde eit høgt nivå, vi ser at det er gode lag som er påmeldt.

IL Ravn er i år arrangør av Rica Parkett Cup for jenter 13 år (innandørs KM). Arrangementet blir i Eidet Kulturhall helga 14.-15. november. Kampoppsett og anna informasjon blir lagt ut på sida vår når det er klart. Fylgjande 19 lag er påmeldt:

Aksla, Bergsøy 1, Bergsøy 2, Ellingsøy, Hareid 1, Hareid 2, Hessa, Ravn, Herd 1, Herd 2, Skodje, Spjelkavik, Stranda 1, Stranda 2, Sykkylven, Volda 1, Volda 2, VRF, Ørsta IL.

Bygdakampen Vatne-Tennfjord (0-0) 2-0. Oppdatert med bilete.

17 oktober 2009
Skrevet av:

Fortjent siger til Vatningane som var hakket kvassare og som framviste større vinnarvilje.

1. omgang var temmeleg javnspelt med ein del halvsjansar til begge lag. Tennfjordlaget var eit lite hakk betre i denne omgangen. Tennfjordingane og Jørn Killingmo fekk og ei skåring feilaktig annulert for hands etter litt fram og tilbake i feltet. Ballen var aldri i handa på Jørn. Det skulle difor stått 1-0 til Tennfjord ved pause. Men la det vere sagt, dommar Bjarte Steinsbu dømde godt og var nok ein av banens beste aktørar.

I 2. omgang dominerte Vatningane og skapte mykje sjansar. Alagets måltjuvar Ole Birger Neergård og Trond Hamre stod for skåringane, og etter at dei gjorde 2-0 var det ikkje nokon tvil om kvar sigeren skulle ende. Best på Vatnelaget var kanskje Kim Krogsæter og Eivind Ulla, medan Lars Otterlei og Øyvind Farstad nok var dei beste på Tennfjordlaget.

Uansett ein flott måte å avrunde utandørssesongen på, og vi trur nok at desse kampane blir ein årviss tradisjon. Takk til Arnt-Ove for flotte bilete.

dommartrio.jpg

Picture 1 of 4

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv