Sparebanken Møre gir gåvemidlar til traktor.

04 september 2009
Skrevet av:

Sparebanken Møre

Fotballgruppa i IL Ravn har eit stort ynskje om å få på plass ein traktor med utstyr til rydding av snø på kunstgrasbana til vinteren. Sparebanken Møre har med sine gåvemidlar no bevilga IL Ravn 50.000 kr til dette. Vi takkar så mykje for denne store gåva, som er eit svært viktig bidrag for å få realisert ein traktor. Ein ny traktor med utstyr for snørydding ligg i prisklassa 4-500.000 kr, og er ei tung investering for idrettslaget. Men den er heilt avgjerande om vi skal greie å halde bana open om vinteren. Det ser fotballen på som viktig, da det vil bli svært begrensa med treningstid i Eidet Kulturhall for fotballen i vinter. Vi må difor prøve å leggje forholda best mulig til rette for utandørsaktivitet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv