Ravn Herre 7 med ny storsiger.

02 september 2009
Skrevet av:

Langevåg blei i går slått 15-3 i Langevågen. Nok ein solid siger av herre 7, og ein flott prestasjon av gutane.

Laget: Øyvind Rød, Kjartan Myklebust, Anders Berg, Per Espen Langøy, Svein Jakob Risvik, Ole Magnus Klokseth, Bent Erik Nedrevold, Frank Løvik, Jan Vatnehol.

Måla blei skåra av: Kjartan (5), Svein Jakob (3), Per Espen (2), Anders (2), Bent Erik (2) og eit var sjølvmål.

Ein var på førehand litt skeptiske til korleis dette skulle gå sidan ein mangla «storheiter» som: Jan Petter Hagen, Erlend Fjørtoft, Øystein Grytten og Terje Ødegård. Etter kampen blei det stilt spørsmål om dette faktisk hadde styrka laget. Ein påstand webredaksjonen stiller seg uforståandes til…

Ellers kan ein merke seg at Kjartan Myklebust berre skåra 5 mål i denne kampen.

Vi reknar med at primus motor Jan kjem med eit meir utførleg kampreferat.

Andre kampar i avdelinga: Brattvåg slo Aksla 12-2, Aafk slo Fjørtoft 6-2, Ørskog slo Norborg 4-3. Ravn leier dermed fortsatt avdelinga på bedre målsforskjell enn Aafk, med Brattvåg lurande like bak. No ventar i tur og orden vanskelege kampar mot Aksla, Brattvåg, Aafk og Norborg. Vi møter Aksla heime i ein kamp der vi svært gjerne vil revansjere det forsmedelige 5-5 resultatet fra bortemøtet i Ratvika. Tabell.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv