Nok ein juniorsiger!

14 september 2009
Skrevet av:

Med eit kontant skot i hjørnet tre minutt før slutt avgjorde Ole Sivert Vestre Hauge bortekampen mot Emblem mandag.  Ravnjuniorane tok dermed sin 4. strake seier og den 5. av 6 mulege i haust. 

Emblem – Ravn 2-3 (0-2) 

Mål Ravn:  Ole Birger , Eirik T., Ole Sivert. 

Ravn: Holger Tovaas, Eirik U. Orheim, Emil Bjørlykhaug, Øystein Skarsbø, Michal Slydal, Eirik Tomren, Ole S. V Hauge, Jørgen Sp. Tennfjord, Dag R. Midsund, Thomas Aarseth, Ole B. Neergård, Ole P. Nedrevold, Steffen Henjesand, Eirik T Vadset, Gunnar Tvedt.   

Spelemessig vart dette ein ujamn kamp frå Ravn si side, der vi var best i 1.omgang, men der Emblem hadde overtaket i 2. og utlikna kvarteret før slutt. 

Ravn hadde hatt fleire gode sjanser før Ole Birger gjorde 0-1 etter eit fint gjennomspel. Same mann hadde ein suser i stolpen på ein fiks frisparkvariant, og vi fekk også to mål annullert for hårfin offside. 

Men etter ein god Ravnomgang var  det ikkje offside då Eirik Tomren vart spelt igjennom i sluttminutta. Avslutninga hans var utsøkt elegant: demping på brystet og ein arrogant lobb over keeper. 0-2 ved pause burde ha vore minst eitt mål til.

I andre omgang kom heimelaget sterkere, og reduserte etter corner. Ravn hadde problem med formasjonanene og makta ikke å vere like aggressive i midtbaneleddet som i 1. Men sjanser fekk Ravn likevel nok av, og kunne fort ha auka, men Emblemskeeperen  hadde ein god dag. 

I staden utlikna Emblem. I sluttminutta kunne det bikka begge vegar med to angrepsvillege lag som gjekk for tre poeng. Men vi hadde hellet på vår side då formspelaren Ole Sivert var på plass og dundra inn seiersmålet. 

Bak seieren låg ein ny ypperleg laginnsats  av juniorane våre. Nemnast må likevel Emil, som etter ein periode med sjukdom kom inn og spelte ein flott kamp som midtstopper saman med rutinerte Øystein. Også Michal på høgrebacken var sikker som banken. Kjekt å sjå Jørgen tilbake etter 5 mnd med skade, likeså Eirik T V etter sin leie skade. Han var feilfri (dei 1 min og 23 sekunda han spelte). 

Neste kamp er heime mot Brattvåg mandag 21.9. Kl. 18.30.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv