Juniorlaget i flytsonen. 5-1 over Stranda.

01 september 2009
Skrevet av:

Ravn – Stranda 5-1 (2-1)

Mål Ravn: Ole Birger Neergård 2, Gunnar Eidsvik Tvedt, Ole Sivert V. Hauge, Steffen Henjesand. 

God dommer: Odd Grande, Skodje

Etter ein litt rufsete start på kampen der Stranda tok leiinga, kom Ravn sterkere og sterkere. 2-1 ved pause vart til 5-1, der Steffen Henjesand avslutta scoringane.

– Mitt første mål på minst 10 år!  sa den glade målskorer Steffen.  

Gjestene tok leiinga etter ei misforståing i Ravnforsvaret., men gradvis kom Ravn inn i kampen. Etter eit flott gjennomspel og skot av Eirik Tomren med keeperretur var Gunnar frampå og smelte inn utlikninga. Eit fint comeback av Gunnar som har vore på sidelinja med skade i tre mnd.

Ole Sivert gjorde sin beste kamp for året, og får dele æra for 2-1 målet med Ole Birger. Muskelbunten frå Vestrefjord brukte krefter og forserte inn i feltet, og Ole B. fullførte til 2-1.

I andre omgang hadde Stranda ballen mest første minutta, men med banens beste Kim Krogsæter i spissen, stoppa Ravnforsvaret det meste. Even og Dag begynte å vinne dueller på midten, og framover vart det skapt mange sjansar når vi brukte kantane Thomas og Eirik.   

3-1 målet var rett og slett spektakulært, ein piruett og hælspark av Ole Sivert sende ballen i mål. 

Rett etter fekk vi annullert feilaktig eit mål etter kampens flottaste angrep.  Eirik T. vart frispelt, ei perfekt pasning til Thomas som kom bakfra og sette ballen i mål. Huff Grandemann! – som elles dømte godt og har ein veldig fin tone med spelarane.

Men  4-1 følgde umiddelbart på nok eit kjempeangrep, forsering og perfekt innlegg frå Thomas, der Ole B. møtte og netta kontant. 

Så kom det historiske Steffenmålet etter corner, og vi kunne hatt fleire mål både før og etter. 

Dermed ein ny flott seier, der laginnsatsen var framtredande. No er vi inne i flytsonen, det er humør og speleglede i heile troppen. Og vi passerte både Stranda og Valder på tabellen!

Eit minus var at kaptein Dag trakka over og truleg blir ute ei stund. Men han påstår å ha godt grokjøtt…

Utanom dei nemnte spelte: Holger Tovaas, Michal Slydal, Øystein Skarsbø, Eirik U. Orheim, Ole Pej Nedrevold. 

Ny kamp heime neste mandag, mot Spjelkavik. Eit lag vi har to stortap mot i år..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv