Herre 7 tapte klart.

15 september 2009
Skrevet av:

Ravn-Brattvåg (0-5) 2-7.

Skuffande forestilling av Herre 7. Brattvåg var eit hakk betre i alt, og to hakk meir effektive. Brattvåg låg som vanleg med alle mann i forsvar, og slo effektivt kontra når sjansen baud seg. Mykje sjansar til begge lag, flest til Brattvåg, og difor ein fortjent siger. Men resultatet lyg litt. Kampen var jamnare enn resultatet seier.

Alt i alt ein velspelt kamp med mykje fin fotball fra begge lag. Ravn hadde ikkje dagen, og var litt for sløve i jobbinga både framover og bakover. Men det skal og seiast at Brattvåg hadde mobilisert og stilte med eit sterkt lag.

Men, toget er ikkje gått ennå. Med siger i dei to siste kampane (mot Aafk og Norborg) vinn vi pulja. Difor reiser vi til Color Line Stadion neste tirsdag med friskt mot for å innta tabelltoppen på ny.

Lita retting. Vi ligg fortsatt på topp, da Aafk sin kamp i går blei utsatt…

Eller ser Langevåg ut til å ha fått sving på sakene (iallefall på heimebane). Sist veke slo dei Brattvåg og i går slo dei Norborg klart.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv