Fin utvikling for G16.

25 september 2009
Skrevet av:

IL-RAVN-G16-lagbilder 2009 054

G16 har hatt fin utvikling i haust og vann fullt fortent 5- 2 mot Langevåg 2 onsdag kveld. Kampen vart spela i eit forferdeleg regnver og vi kan nok ein gong takke ei strålande kunstgrasbane for at kvaliteten vart såpass bra som den blei. 

Ravn gjekk ut i stort tempo, med høg aggressivitet i forsvars- og midtbaneledda. Dette medførte gunstige overgangsmuligheiter og dei vart tatt godt vare på. Smarte gjennomspel til John Ivar Eide og Eirik Tomren på topp eller til Joakim Sørvik på høgrekant,  ga mange målsjansar og heile tre mål før 10 minutt var spelt. John Ivar scora to og Eirik eitt i denne perioden. I tillegg brente Ravn eit straffespark. Etter dette jamna kampen seg ut og Langevåg scora etter ein fin innoverskrudd corner. Langevåg fekk eit mål til før Eirik Tomren la på til 4-2 før pause.

Andre omgang var ikkje av same kvalitet som den første, men Martin Vadset fekk vist god keeperklasse ved fleire høve. Rett før slutt gjekk ein våken Sigurd Korsnes rundt på kanten og med venstrefoten (!) slo han ballen rundt keeper og inn i målet. God laginnsats gjennom heile kampen og årsbeste dei første 20 minutta resulterte i ein fullt fortent seier.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv