Alaget. Ellingsøy-Ravn 2-0.

10 september 2009
Skrevet av:

Oppdatert med kampreferat.

Draumen om opprykk til 4. divisjon blei i går kveld knust på Nes Stadion. Ellingsøy vann 2-0, og sikra seg dermed ein av dei 2 sluttspelplassane. HaNo tek den andre. Dei ligg no 7 poeng føre Ravn med 3 kampar igjen å spele.

I teorien er der framleis ein sjanse (men den er mikroskopisk). HaNo må då tape sine 3 neste kampar (møter Giske borte, Ravn heime og Ellingsøy borte). Ravn må vinne sine 3 neste (Godøy2/Vigra2 heime, HaNo borte og Lepsøy heime). Ravn er i stand til å vinne dei 3 neste, men HaNo taper ikkje 3 kampar på rad.

Likevel har det vore ein oppløftande sesong for Ravn sitt alag. Framgongen frå i fjor (då ein nok var eit av Sunnmøres dårlegaste seniorlag) har vore formidabel, og vil forhåpentlegvis fortsette neste år. Fleire juniorar har tatt steget opp, og vil garantert vere med å løfte laget framover. Men sesongen er ikkje over, vi har fortsatt 3 gode kampar å glede oss til.

Og her er kampreferatet:

1-0                 ? (78min)

2-0                 ? (85min) 

Dommar: Svein Ole Sørensen(solid kamp)

Laget:  Holger Tovås, Magnus Sperre Tennfjord, Øyvind Farstad, Øyvind K Krogsæter, Stian Eik( Ole Magnus Klokset,46) – Evind Grøtt Ulla(Even Vatneødegård,70), Jørn Killingmo(Bent E Nedrevoll,80), Kim A Krogsæter,- Jørn Hegglund( Tomas Aarsath,70), Trond Hamre, Ole Birger Nergård(Frank Løvik,85)

Dette var ein kamp Ravn måtte vinne for å kjempe om opprykk, men det var Ellingsøy som ville litt meir enn Ravn og stakk av med seieren.

Det var Ellingsøy som starta kampen best, men utan at dei skapte dei heilt store sjansane. Ravn kom meir med utover omgangen, men sjølv i medvind klarte ikkje Ravn å skape noko særleg. Ein av dei største Ravnsjansane var eit angrep med mange trekk, der Eivind avslutta med å plassere ballen over mål frå 16meter. Trond var også farleg frampå etter han hadde dribla eit par Ellingsøyspelerar.  Dessverre var han uheldig med siste berøringa, slik at keeperen fekk snappa ballen framfor beina hans.

Største sjansen hadde likevel Ellingsøy, då spissen kom åleine med Holger og Ravnkeeperen redda meisterleg. Elles var Ellingsøy også farleg på dødballer, men den unge og lovande Holger var trygg og god i feltet og tok det som kom.

2.omg starter betre for Ravn. Midtbana klarte å vinne fleire dueller og brukte meir kantane som førte til fleire sjanser. Eivind fann Trond på venstrekanten, som sprang frå backen sin og serverte Jørn H ballen på 11m, men skuddet vart blokkert. Kantane hadde fleire farlege innlegg, men løpa framfor mål stemte ikkje heilt. Ravn skapte ein del cornere, og det var nettopp på ein corner Ravn hadde sin største sjanse ved Eivind, som dessverre heada ballen over mål frå 7 meter.

Etter 75min måtte dessverre Ravn sin gode kaptein Eivind ut med hovudskade. Det førte til at Ravn mista banespelet og trykket dei hadde på Ellingsøy. Like etter scora Ellingsøy på sin første sjanse i 2.omg etter eit flott angrep på si venstre side. No gjekk lufta ut av Ravnspelarane og Ellingsøy scora nok ein gang.

Med litt meir guts framfor mål i sin gode periode i 2omg.,kunne det bikka Ravn sin vei. Dette var ein typisk bikkekamp, der den som scora først kom til å vinne.

Best hos Ravn var keeper Holger, medan ”Øyvindane” på stopparplass var solide. Ole Magnus hadde også eit godt innhopp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv