Alaget slo Brattvåg2 6-3.

02 september 2009
Skrevet av:

Ravn – Brattvåg 2   6-3 (4-2)

0-1 (1)

1-1 (3) Eivind Ulla

2-1 (4) Kim Krogsæter

3-1 (8) Trond Hamre

4-1 (16) Ole Birger Neergård

4-2 (37)

4-3 (51) str

5-3 (90) Ole B.

6-3 (90+4) Jørn Heggelund

Dommar: Arild Vegsund, Norborg -god.

Gult kort Ravn: Eivind Ulla 

Ravnbørsen: 3: Eivind Ulla, 2: Øyvind Farstad, 1: Magnus Sperre Tennfjord

Laget: Holger Tovaas, Magnus Sperre Tennfjord, Øyvind Farstad, Øyvind K. Krogsæter, Stian Eik, (Ole Magnus Klokset) Kim Krogsæter, Jørn Killingmo,(Even Vatneødegård) Eivind Ulla, Trond Hamre, (Frank Løvik),Ole Birger Neergård, (Anders Berg), Thomas Aarseth (Jørn Heggelund) 

Målfesten på Ravnbanen i kveld enda 6-3 til Ravn, der heimelaget scora i start- og sluttfasen av kampen. Spelemessig varierte Ravn frå glimrende angrepsfotball til perioder med labert tempo, lite bevegelse og unødvendige balltap.

Brattvåg gjekk rett i angrep og scora etter  fint gjennomspel  på kanten, men så svarte Ravn med fire raske som var tatt ut av læreboka: 

1-1 Stian overlappa på venstebacken, det presise legget heada Eivind knallhardt i mål frå 10 meter. 

2-1 Nytt angrep vart rulla opp på venstre, Trond gjekk til linja, la ut 45 gr. til Kim, som dundra ballen i mål.

3-1 Presis ball frå Eivind i bakrommet til Trond, som kippa elegant over møtande keeper. 

4-1 Ei kanon av Kim i tverrliggar frå 20 meter, Ole Birger følgde opp og heada returen i mål.

Men  så slakka Ravn av på tempoet og let Brattvåg kome inn i kampen. Dei reduserte i sluttminutta etter eit fint gjennomspel. 

2.omgang starta med ei flott heading av Kim like  utanfor. Så vart det spenning i kampen etter ei noko unødvendig felling som gav straffe og 3-4. Brattvåg var ei stund på hogget, og fekk ein del sjanser  i ein rotete fase av kampen. Men ein sikker Holger, som spelte sin 6. kamp på 10 dagar, avverga med eit par gode reaksjonsredningar.

Mot slutten tok Ravn over og fekk tempo på ballen. Både Even og Jørn H. hadde gode innhopp som sette fart i laget. Ein hardtjobbande Ole Birger hadde fleire nestensjanser før han fekk eit perfekt innlegg frå Frank Løvik, og Ole var roleg i avslutninga til 5-3. Hans 12. mål på 10 dagar! (2-A og 3 jr.kampar) 

På overtid braut jubelen skikkeleg laus, då Anders Berg slo ein tunnell og spelte fri Jørn H., som elegant fastsette resultatet til 6-3.

Alt i alt ein kamp som Ravn burde avgjort lenge før, men i perioder viste gutane spel som gjev grunn til ein viss optimisme før bortekampen mot Ellingsøy neste onsdag, ein kamp som Ravn må vinne for å halde liv i opprykksdraumen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv