Daglig arkiv: 29 september 2009

Herre 7. Sterk siger mot Norborg ga fortjent 2. plass i avdelinga.

29 september 2009
Skrevet av:

Ravn-Norborg (4-1) 6-4.

Mål Ravn: Kjartan Myklebust (4), Trond Hamre (2).

Norborg hadde tydelegvis skumle hensikter i denne kampen. Med eit lag beståande av mange topptrimma 3. divisjonsspelarar (blant anna Andre Larsen, Geir Ove Grønli, Kristoffer Søviknes, Kjell-Terje Brusdal) kunne dette sjå skummelt ut på papiret. Ravn stilte med eit langt eldre, meir utrent lag og berre 2 reservar. Men med lassevis rutine. Og i denne kampen skulle rutine, knallhard kjemping i duellane og evna til å spele fin fotball bli avgjerande.

Norborg starta bra, spelte klokt, pressa Ravn bakover og gjorde ganske tidleg 1-0 og var på høgget. Etter dette fekk Ravn spelet på gli og gjorde i tur og orden 1-1, 2-1, 3-1 og 4-1. Vanskeleg for eitkvart lag å stoppe oss, når vi set igang med slik klikk-klakk fotball. Vi gjekk dermed til pause med ei komfortabel leiing.

I 2. omgang starta vi best, gjorde tidleg 5-1 og hadde tilsynelatande full kontroll. Men hardtkjempande Ravn-bein starta å merke hardkjøyret og Norborg kom meir med i kampen. Dei fekk redusere 3 gongar utover i omgangen, slik at det stod 5-4. Då fekk nok vere nok, og heroisk kjempande Ravn-spelarar sette spikaren i kista med ei skåring rett før slutt. Dermed ein fortjent 6-4 siger mot eit godt Norborglag.

Velfortjent ros til heile Ravnlaget, som stod på og kjempa til krampa nappa i leggar og lår i sesongens siste kamp. Og etter kampslutt kom gladmeldinga fra Brattvåg om at Brattvåg og Aafk hadde spela 4-4. Aafk vinn dermed avdelinga, Ravn endar på ein flott 2. plass og Brattvåg endar på 3. plass. Ørskog tek ein fortjent 4. plass. Norborg, Langevåg, Aksla og Fjørtoft har fortsatt kampar igjen og må kjempe om dei 4 neste plassane.

Her finn du tabellen: Tabell.

Vi må og feire våre formidable 132 skåra mål. Suverent mest i avdelinga og på Sunnmøre! Det burde delast ut ein tittel for dette òg…

Eirik Vatnehagen Stokke og Per Ove Tennfjord dømde kvar sin omgang, og gjorde sine saker svært bra.

J14. Knepent tap mot Brattvåg.

29 september 2009
Skrevet av:

J14Ravn-Brattvåg (1-2) 1-2.

Det ble høstens første (og eneste) tap for J14 i går. Etter fem strake seiere i høst, tok Brattvåg med seg alle poengene fra Ravn stadion i går. Brattvåg tok ledelsen etter 20 min på sin første sjanse. Det tok nøyaktig 23 sekunder før Marianne Blindheim utlignet til 1-1. Brattvåg gikk nok en gang opp i ledelsen like før første omgang var slutt, og gikk til pause med 2-1 ledelse.

Flere mål ble det ikke selv om det var mange store målsjanser begge veier i 2. omgang. En meget god kamp av Ravn jentene hvor tilfeldighetene gjorde at Brattvåg vant til slutt. Følgende spilte: Martine Otterlei, Malene Noem, Marianne Blindheim, Stine Røv, Catarina Kofoed, Lisa Henjesand, Andrea Noem (J13), Pauline Nergård (J13) og Oda Sperre Tennfjord (J12).

Om Godøy og Brattvåg vinner sine gjenstående kamper ender denne gruppen med 3 lag på 15 poeng, hvor Brattvåg slo Ravn, Ravn vant mot Godøy og Godøy slo Brattvåg………..

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv