Daglig arkiv: 22 september 2009

Herre 7. Gulldraumen brast.

22 september 2009
Skrevet av:

H7_mot_aafkAafk-Ravn (2-3) 7-6. (Vi har fått tilsendt eit bilde frå pausa som iallefall viser at vi var svett).

Det vart ein svært tett og jamn kamp i Sunnmørshallen (på ei håplaust lita og smal bane). Begge lag kunne ha vunne dette oppgjeret, dessverre vart det Aafk som trakk det lengste strået, få sekund før slutt. Dei vinn dermed høgst sannsynleg avdelinga. Det hadde ikkje vore noko å seie på om det hardtkjempande og fairspelande Ravnlaget hadde vunne denne kampen, og dermed sannsynlegvis avdelinga.

Eit par hårreisande dommaravgjersler var direkte avgjerande og bikka resultatet til Aafk`s fordel. Vi tek den siste (og verste) først. På stillinga 6-6, 2 minutt før slutt, kombinerer Ravn nydeleg og skal til å sette ballen i det opne målet, då dommar Kaldhussæter finn ut at han skal blåse frispark, til Ravn! Heilt ufatteleg useriøst, og all ære til Ravnspelarane som held seg skinnet då. Med ein ordentlig dommar hadde det der stått 7-6 til Ravn, ei leiing vi aldri hadde gitt frå oss. Ravn trykker på i sluttminutta og har fleire sjansar til å avgjere. I staden gjeng det som det ofte gjer, Aafk kontrar inn vinnermålet. Så til ei anna avgjerande tabbe av Kaldhussæter. På stillinga 3-2 til Ravn, slår ein Aafkspelar ballen over dødlinja, Kaldhussæter dømmer corner! og Aafk skårer. Vi likar ikkje å klage på dommarane, dei gjer sitt beste og har ein utakknemleg jobb. Men det blir litt spesielt i slike tette kampar, der det faktisk blir avgjerande for kven som kan kalle seg for kretsmeister til slutt. Og denne gong var det heimelagets småsutrande spelarar som fekk denne fordelen.

Men, vi er stolte av innsatsen som Herre 7-karane la ned i dag. Vi strør ikkje rundt oss med sterke ord i Web-redaksjonen, men på ein slik dag klinkar vi til med betegnelsen uflaks, om det som skjedde. På ei bane med ordentlig 7er-størrelse, og ikkje slik ballbingestørrelse som var tillaga i Sunnmørshallen, hadde vi vunne denne kampen. Vi hadde langt betre løpskapasitet, men det blei for trangt. Og så eit lite hjartesukk. Kvifor i all verden fyller dei opp ein idrettshall med gamle og nye lastebilar???? Dei kan vel for pokker stå ute, slik at ein kan få spele fotball på ei bane med normal størrelse inne.

Herre 7 avsluttar sin fine sesong heime mot Norborg neste tirsdag, og vil med siger der ende på 29 poeng. Ein svært god prestasjon, som vil gi oss 2. eller 3. plass. Vi er no oppe i utrulege 126 skåra mål. Suverent mest i avdelinga, og sannsynlegvis mest i seniorfotballen på heile Sunnmøre (må sjekkast opp).

Fjørtoft-Brattvåg skulle og ha vore spelt i dag, men er ifylgje nettsida til Fjørtoft utsett da Brattvåg berre kunne stille med 3 mann. Fleire lag har i år hatt store problem med å stille lag til kampar. Vi må her gi ein ros til lagleiar Jan som har kjøyrt ei hard linje og fått sammen eit lag til alle oppsette kampar. Godt jobba!

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv