Daglig arkiv: 21 september 2009

Kjempeinnsats gav Ravnjuniorane 3-2 over Brattvåg.

21 september 2009
Skrevet av:

Junior

Ravn – Brattvåg 3-2 (2-0)

Mål Ravn: Even, Jørgen, Ole Birger.

Dommar: Arild Steinsbu, Aafk. Ingen kort.

Ein strålande laginnsats av Ravnjuniorane resulterte i  3-2 seier over serieleiar Brattvåg i mandagens juniorkamp på fylkets beste kunstgrasbane.  Laga hadde kvar sin omgang, men Ravn hadde dei fleste og største sjansane.

Ravn: Holger, Michal, (Emil) Øystein, Kim, Eirik Orheim, Gunnar,(Thomas) Even, Dag, Erik,(Jørgen) Ole Sivert (Eirik Tomren), Ole Birger.

Målt med 2.divisjonsauge leverte Ravn og Brattvåg ein god juniorkamp. Stor innsats av to disiplinerte lag, perioder med godt  og sjanseskapande spel sørga for god underhaldning  og spenning til siste sekund framfor eit uvanleg talrikt publikum.

Ravn fekk ei kjempeopning då Even sleit seg igjennom på høgresida og la ballen kontrollert i mål frå spiss vinkel.

Spelet var jamnt før Ravn fekk eit overtak med vinden i ryggen. Mykje vart skapt på høgresida, der midtbana spelte ein strålande Gunnar igjennom gong på gong. Han var mannen bak 2-0, etter å ha blitt spelt gjennom serverte han eit perfekt innlegg som Jørgen dundra i mål.

Både Ole B og Gunnar hadde sjansen til å auke leiinga, medan Brattvåg var farleg frampå på ein corner i sluttminutta. Gjestane hadde svært gode og raske kantspelarar som skapte plunder for Ravnforsvaret.

Brattvåg reduserte to minutt ut i 2.omgang, og hadde eit kraftig trykk på Ravn i medvinden. Men dei heilt store sjansene vart ikkje skapt. Bak eit hardtkjempande forsvar stod ein stødig Holger og var sikker i grepet, pluss eit par gode skot som han slo til corner. 

Mot slutten kom Ravn sterkt igjen og fekk sving på kantspelet. På eit superinnlegg av Gunnar steig Ole Sivert til vers som ei ørn og heada inn 3-1 – trudde alle. Men dommeren annullerte. Ravn køyrde på vidare, og på overtid fekk kondisjonsfenomenet Ole Birger si fortente scoring. Då gjorde det ingen ting at Brattvåg reduserte på overtid av overtid.

Ein herleg laginnsats låg bak vår 5.strake seier og den 6. av 7 mulege i haust.  Gutane har  jobba svært godt på trening sidan i sommar, og det viser no igjen i kamp etter kamp. 

Siste kamp går heime mot Valder mandag 12.oktober. Kan vi greie å gå hausten utan tap?

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv