Daglig arkiv: 09 september 2009

Grei siger for Herre 7.

09 september 2009
Skrevet av:

Ravn-Aksla 11-0 (7-0). Fleire av Ravnspelarane hevda det var 12-0, men ok vi lar det passere. God og anonym dommar var Svein Erik Ulvestad (stod trygt plassert borte med eine stonga på 11er-målet).

Laget: Øyvind Rød, Øystein Grytten, Ole Magnus Klokseth, Geir Helge Ness, Jan Petter Hagen, Sven Jakob Risvik, Anders Berg, Jan Vatnehol, Terje Ødegaard, Kjartan Myklebust. 

Oppgjeret i vår enda 5-5. Men denne gong møtte vi eit Aksla som var hakket svakare (blant anna sakna vi Marius Aam og Ramsy Suleiman frå våroppgjeret).

Vi starta som vanleg litt rufsete, Aksla var godt med og hadde sine sjansar i starten. Geir Helge Ness fekk roa nervane våre litt, då han på sikkert vis sette inn 1-0. Typisk goalgettemål frå forsvarsspelaren. Etter dette kom mål nummer 2 og 3, og det var derfra og ut ingen tvil om at dette skulle bli ein komfortabel siger. 

Dette var første gong i år vi heldt nullen. Det er vi godt nøgde med, sidan det nesten aldri skjer i 7er-fotball over 2×40 minutt at eit lag ikkje skårar. Difor eit ekstra pluss til eit solid og hardtarbeidande forsvar denne gong. Men forsvarsjobben startar lenger framme på bana, og midtbana vår jobba hardt både framover og bakover, og gjorde livet surt for Akslakarane i går. Og på topp var Kjartan som vanleg eit heilt angrep (og vel så det) åleine. 

Forutan Geir Helge sitt nevnte mål, blei dei fleste andre måla skåra av Kjartan og Svein Jakob (kanskje alle). Kjem muligens tilbake med meir oppdaterte opplysningar på dette. 

I ein annan kamp i går slo Aafk Langevåg 7-1. Vi leiar dermed fortsatt på betre målforskjell enn Aafk. 

Mykje skal avgjerast i dei 2 neste kampane. Då møter vi først Brattvåg heime og så Aafk på Color Line Stadion. Dette er dei 2 beste laga vi møter og 2 lag som vi har hatt dårleg tak på. På 4 tidlegare møter mot Brattvåg har vi 1 uavgjort og 3 tap. Det samme har vi mot Aafk. For å bedre statistikken mot desse laga må spelet vårt opp på eit høgare nivå enn det har vore nokon gong, og akkurat det er Ravn Herre 7 fullt i stand til å gjere. Men det blir 2 tøffe kampar mot 2 lag som ofrar alt i forsvarsarbeidet og kjempar om kvar ein ball. Og i siste kamp ventar Norborg, som med toppa lag kan slå dei fleste. Forøvrig skal Brattvåg møte Aafk i siste runde, så her kan det bli spanande til siste minutt.

J14-jentene i haustform.

09 september 2009
Skrevet av:

Det ble seier 4-3 borte mot Hessa for J14 i går (mandag) etter en særdeles spennende kamp.

Etter å ha ligget under 2-1 til pause, tok Ravn over føringen av kampen og gikk opp i ledelse 3-2 etter 52 minutter. Hessa utlignet til 3-3 etter 60 minutter, men i siste spilleminutt sikret jentene seieren med mål av Camilla.

J14 har nå 4 seiere på 4 kamper i høst. Følgende spilte (mål i parentes): Martine F Otterlei, Malene Noem, Marianne Blindheim, Stine Røv (1), Catarina Kofoed, Lisa Henjesand, Camilla Skogvoll (2), Andrea Indstø (1) og Andrea Noem.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv