Daglig arkiv: 08 september 2009

Herleg laginnsats gav jr.seier 5-2 mot Spjelkavik!

08 september 2009
Skrevet av:

JuniorRavn – Spjelkavik 5-2 (2-0) 

Ravnjuniorane  mobiliserte til ein enorm  laginnsats mot Spjelkavik i vindbygene på heimebane mandag, og tok ein sterk 5-2 seier etter 2-0 ved pause.  Ravnmåla kom i slutten av kvar omgang. 

Laget: Holger Tovaas, Michal Slydal, Kim Krogsæter, Øystein Skarsbø, Eirik U. Orheim, Thomas Aarseth (Gunnar E. Tvedt), Dag R. Midsund, Even Vatneødegård, Ole Sivert V.Hauge (Ole P. Nedrevold), Eirik Tomren (Erik V. Stokke), Ole Birger Neergård. 

God dommer (som vanleg): Arild Vegsund, Norborg. 

Ravn køyrde opp fleire gode angrep i åpningsminutta, men i medvinden var det ikkje lett å få til presise framspel. Begge lag hadde gode sjanser, og Holger leverte eit par flotte redninger når Spjelkavik etter kvart kom seg opp på banen til farlege avslutninger.

Mot slutten av omgangen kom Ravn sterkt igjen og fekk uttelling. Perfekt corner frå Eirik T, og der steig ein formsterk Ole Sivert til vers som ei ørn og heada knallhardt i vinkelen. Kjempescoring!

Even gjorde 2-0 då han sette inn ein retur etter ein suser frå kaptein Dag R.

Frykta for at SIL skulle køyre over oss i den sterke medvinden viste seg ubegrunna. Det teknisk gode gjestelaget fekk naturleg nok eit lite overtak i banespel, men eit glimrende Ravnforsvar stod i mot og nekta dei særleg store sjanser.

På midtbana jobba Ravngutane steinhardt, vann mange ballar, og sette i gang flotte kontringar. På ei av dei gjorde Gunnar 3-0. Som mot Stranda var han på plass på høgresida og dundra ballen i mål frå spiss  vinkel. 

Siste 20 minutta køyrde Ravn kampen. 4-0  kom på eit typisk Ole Birger-mål: han fekk ein fin stikkball, forsering i rakettempo, runding av keeper og i tomt mål. Spjelkavik gjorde 4-1 etter fin frispeling i midten, men i sluttminutta svarte Ravn med nok ei kjempekontring. Fint kombinasjonsspel på høgresida, Thomas forserte og la presist inn, og der kom Ole Pej susande på bakerste og dundra i mål via stanga! Ei herleg avslutning på ein flott Ravnkamp. 

At Spjelkavik omsider fekk mål på ein av sine ca. 10 cornerer gjorde ikke gleda over seieren mindre for Ravnjuniorane. Samtlege 14 la ned ein enorm innsats og jobba for kvarandre, og viste også god og sjanseskapande fotball.  Med denne seieren passerte vi Spjelkavik og er på midtplass (5.) 

Neste kamp er borte mot Emblem mandag 14.

G2000 på Rema Cup Vestnes.

08 september 2009
Skrevet av:

Flinke gutter med flotte premier etter flott innsatsGutter 2000 på Rema Cup, Vestnes 06.09. Nok en suksessfull cup for flinke gutter. Med 3 seiere på 4 kamper og masse flott spill kan en trygt si seg fornøyd med innsatsen. Dette selv om trenerne sitter med sår hals.

Sjå bildespesial.

flinke-gutter-med-flotte-premier-etter-flott-innsats.jpg

Picture 1 of 10

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv