Månedlig arkiv: september 2009

Siste seriekamp for J11.

30 september 2009
Skrevet av:

J11 drakt

Sist helg deltok J11 på Sunnmørs cup i Langevågen. Kort fortalt en våt, men morsom opplevelse på en gjennomvåt grasbane.

Hadde rett og slett for lite trening på denne kombinasjonen av vannpolo og gjørmefotball til å kunne skrive heim om noen seier.

I kveld viste jentene å sette pris på vår flotte kunstgras bane. Litt tungt i starten og de låg under med to mål til pause, men med super laginnsats ble det ettmåls seirer over Skodje til slutt.

J11 fortsetter med to treninger i veka fram til Tarecup i starten av november.

Herre 7. Sterk siger mot Norborg ga fortjent 2. plass i avdelinga.

29 september 2009
Skrevet av:

Ravn-Norborg (4-1) 6-4.

Mål Ravn: Kjartan Myklebust (4), Trond Hamre (2).

Norborg hadde tydelegvis skumle hensikter i denne kampen. Med eit lag beståande av mange topptrimma 3. divisjonsspelarar (blant anna Andre Larsen, Geir Ove Grønli, Kristoffer Søviknes, Kjell-Terje Brusdal) kunne dette sjå skummelt ut på papiret. Ravn stilte med eit langt eldre, meir utrent lag og berre 2 reservar. Men med lassevis rutine. Og i denne kampen skulle rutine, knallhard kjemping i duellane og evna til å spele fin fotball bli avgjerande.

Norborg starta bra, spelte klokt, pressa Ravn bakover og gjorde ganske tidleg 1-0 og var på høgget. Etter dette fekk Ravn spelet på gli og gjorde i tur og orden 1-1, 2-1, 3-1 og 4-1. Vanskeleg for eitkvart lag å stoppe oss, når vi set igang med slik klikk-klakk fotball. Vi gjekk dermed til pause med ei komfortabel leiing.

I 2. omgang starta vi best, gjorde tidleg 5-1 og hadde tilsynelatande full kontroll. Men hardtkjempande Ravn-bein starta å merke hardkjøyret og Norborg kom meir med i kampen. Dei fekk redusere 3 gongar utover i omgangen, slik at det stod 5-4. Då fekk nok vere nok, og heroisk kjempande Ravn-spelarar sette spikaren i kista med ei skåring rett før slutt. Dermed ein fortjent 6-4 siger mot eit godt Norborglag.

Velfortjent ros til heile Ravnlaget, som stod på og kjempa til krampa nappa i leggar og lår i sesongens siste kamp. Og etter kampslutt kom gladmeldinga fra Brattvåg om at Brattvåg og Aafk hadde spela 4-4. Aafk vinn dermed avdelinga, Ravn endar på ein flott 2. plass og Brattvåg endar på 3. plass. Ørskog tek ein fortjent 4. plass. Norborg, Langevåg, Aksla og Fjørtoft har fortsatt kampar igjen og må kjempe om dei 4 neste plassane.

Her finn du tabellen: Tabell.

Vi må og feire våre formidable 132 skåra mål. Suverent mest i avdelinga og på Sunnmøre! Det burde delast ut ein tittel for dette òg…

Eirik Vatnehagen Stokke og Per Ove Tennfjord dømde kvar sin omgang, og gjorde sine saker svært bra.

J14. Knepent tap mot Brattvåg.

29 september 2009
Skrevet av:

J14Ravn-Brattvåg (1-2) 1-2.

Det ble høstens første (og eneste) tap for J14 i går. Etter fem strake seiere i høst, tok Brattvåg med seg alle poengene fra Ravn stadion i går. Brattvåg tok ledelsen etter 20 min på sin første sjanse. Det tok nøyaktig 23 sekunder før Marianne Blindheim utlignet til 1-1. Brattvåg gikk nok en gang opp i ledelsen like før første omgang var slutt, og gikk til pause med 2-1 ledelse.

Flere mål ble det ikke selv om det var mange store målsjanser begge veier i 2. omgang. En meget god kamp av Ravn jentene hvor tilfeldighetene gjorde at Brattvåg vant til slutt. Følgende spilte: Martine Otterlei, Malene Noem, Marianne Blindheim, Stine Røv, Catarina Kofoed, Lisa Henjesand, Andrea Noem (J13), Pauline Nergård (J13) og Oda Sperre Tennfjord (J12).

Om Godøy og Brattvåg vinner sine gjenstående kamper ender denne gruppen med 3 lag på 15 poeng, hvor Brattvåg slo Ravn, Ravn vant mot Godøy og Godøy slo Brattvåg………..

Alaget. HaNo-Ravn 4-2.

28 september 2009
Skrevet av:

HaNo vann søndagens oppgjer i 5. div. 4-2 på ei tung grasbane på Nordøy Stadion. HaNo leia 2-0. Ravn reduserte til 2-2 før HaNo igjen putta nr 3 og 4. Uforklarlige dommaravgjerdsler var ei av ingrediensane i kampen. Meir kjem.

Jente 13 vann Høstputten på Emblem!

28 september 2009
Skrevet av:

J13_hostputt

Glimrande innsats av J13 på «Høstputten» på Emblem.

Eller som ein av foreldra (Håvard Noem) sa det ; «Det er vanskeleg å ikkje få ei tåre i augekroken sånn som desse jentene spelar fotball».

Finalen vart vunnen 4-0 over Stranda. 4 mål av Andrea Indstø.

Innleiande kampar : Ravn-Herd 6-0. Ravn-Stranda 1-0. Ravn-Emblem2 3-1. Ravn-Emblem1 2-0.

J13: Johanna Solvang, Pauline Neergård, Andrea Noem, Marita Vestre, Amanda Georgiadis Tenfjord, Victoria Standal, Ingrid Åsemyr, Andrea Indstø, Oda Nybø Christensen.

Desse jentene har hatt ein kanonsesong (blant anna med ein 3. plass fra Rema 1000 cup i Volda i vår). No sette dei altså kronen på verket, og gjekk heilt til topps under Høstputten på Emblem. Sterke lag som Herd, Stranda og Emblem vart sett på plass, og jentene kunne feire eit velfortjent cupmeisterskap! IL Ravn gratulerer desse flotte jentene (og trenarar/lagleiar) med prestasjonen.

Fin utvikling for G16.

25 september 2009
Skrevet av:

IL-RAVN-G16-lagbilder 2009 054

G16 har hatt fin utvikling i haust og vann fullt fortent 5- 2 mot Langevåg 2 onsdag kveld. Kampen vart spela i eit forferdeleg regnver og vi kan nok ein gong takke ei strålande kunstgrasbane for at kvaliteten vart såpass bra som den blei. 

Ravn gjekk ut i stort tempo, med høg aggressivitet i forsvars- og midtbaneledda. Dette medførte gunstige overgangsmuligheiter og dei vart tatt godt vare på. Smarte gjennomspel til John Ivar Eide og Eirik Tomren på topp eller til Joakim Sørvik på høgrekant,  ga mange målsjansar og heile tre mål før 10 minutt var spelt. John Ivar scora to og Eirik eitt i denne perioden. I tillegg brente Ravn eit straffespark. Etter dette jamna kampen seg ut og Langevåg scora etter ein fin innoverskrudd corner. Langevåg fekk eit mål til før Eirik Tomren la på til 4-2 før pause.

Andre omgang var ikkje av same kvalitet som den første, men Martin Vadset fekk vist god keeperklasse ved fleire høve. Rett før slutt gjekk ein våken Sigurd Korsnes rundt på kanten og med venstrefoten (!) slo han ballen rundt keeper og inn i målet. God laginnsats gjennom heile kampen og årsbeste dei første 20 minutta resulterte i ein fullt fortent seier.

G2000 på semifinaletur til Color Line Stadion.

25 september 2009
Skrevet av:

Og hvor var Gutter 2000 naar Aafk gikk til Cupfinalen

Hvor var Gutter 2000 da AAFK spilte seg fram til Cup-finalen?, jo selvfølgelig på Colorline Stadion. Guttene brukte torsdagstreningen til å heie frem AAFK til historisk seier og fikk ett sosialt samvær utav det samtidig. Kjempestemning på tribunen og sjokolade, popcorn, pølser og brus gikk unna i en fei. Til og med heile veien hjem gikk det i AAFK sanger, så dette var en flott opplevelse. Så får vi se om de lærte noen nye triks eller finter som de kan praktisere på neste trening.

Sjå fleire bilete under: Laginfo Fotball/G2000/Bildegalleri.

Aafk’s forslag om samlinger for 10-12 åringane engasjerer.

24 september 2009
Skrevet av:

JPSom mange har fått med seg jobbar Aafk og Reidar Vågnes med eit opplegg for å samle dei beste spelarane i 10-12 årsalderen til treningssamlingar, for å gi dei eit tilbud i tillegg til det dei får i eigen klubb. Dette har ikkje vore vanleg i Norge tidlegare, og det skaper naturlegvis stort engasjement og debatt.

Sjå kva vår eigen trenerkoordinator Jan Petter meiner, i ein blogg som SFK har lagt ut på heimesida si: Sjå innlegget.

G2000 på tur til den flotte hallen på Harøya.

24 september 2009
Skrevet av:

Glade Ravn gutter etter solid turnering paa Haroy

Gutter 2000 på tur til Harøy og IP-Huse hallen for turnering. Fint vær, flott hall og super innsats av flinke gutter. Nok en turnering med Ravn suksess, denne gang i en flott hall på Harøya. Dette var siste turnering for i år og guttene har virkelig hatt en flott sesong så langt. Sesongen er ikke helt over enda, vi ønsker noen treningskamper før vi avslutter med en tur til Bendit cup på Molde i slutten av oktober. Heeerlig innsats gutter.

Det er lagt ut fleire bilder fra turen (og andre turar) under Lagsider fotball/G2000/Bildegalleri.

Klart for påmelding til Rica Parkett Cup 2009.

24 september 2009
Skrevet av:

635_363_nidaros_uefafutsalcup_foto_john_borthunSesongen for innandørsfotball nærmar seg med stormskritt. Det er no opna for påmelding til Rica Parkett Cup 2009 (som kan betegnast som et KM i innandørsfotball). Det blir arrangert i klassane frå 13 år og til senior. IL Ravn har vore så heldig å bli valgt ut som arrangør i klassa for J13-lag, helga 13.-15.11 i Eidet Kulturhall. Sjå linken til fotballkretsen si side for meir informasjon: Rica Parkett Cup 2009

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv