Solid av juniorlaget

12 august 2009
Skrevet av:

Junior

Juniorlaget 4-2 over Valder

I ein utsett kamp frå i vår fekk Ravnjuniorane ein fin hauststart då det det vart 4-2 på Valdervoll kunstgras mandag. Vi leia 4-0 til det stod att 5 minutt, då gemyttane kom i kok.. 

Valder-Ravn 2-4 (0-2) 

Mål Ravn: Eirik Tomren, Thomas Aarseth, Ole Birger Neergård, Adrian Solvang (str). 

Ravn: Holger Tovaas, Michal Slydal (Emil Bjørlykkhaug), Adrian Solvang, Øystein Skarsbø, Eirik U. Orheim, Thomas Aarseth (Steffen Henjesand), Ole P. Nedrevold (Erik V. Stokke), Even Vatneødegård, Dag Ruben Midsund, Eirik Tomren (Ole S. V. Hauge), Ole B. Neergård. 

Etter jamne åpningsminutt tok Ravn over spelet, og både Ole Birger og Øystein hadde store sjanser før Eirik Tomren gjorde 0-1. Etter eit skot frå Thomas var han fint frampå og sette returen i mål. Første seriemålet på jr. for den gode teknikaren!

0-2 kom på ei kjempekontring. Ein Valdercorner vart heada ut av Even, Thomas tok med seg ballen på eit 60 metersløp, runda av 2-3 forsvarar før han sette ballen i lengste hjørnet.

I 2.omgang gjekk Valder hardt ut, men ein god Holger heldt oss inne i kampen med to flotte  redningar. Etter kvart jamna det seg ut, og Ravn var mykje farlegare i angrep enn Valder. Det lukta mål når Ole Birger & co sette fart framover. Heimelagets keeper fann midt i omgangen ut at han ville finte vekk Ole. Det skulle han nok ikkje gjort, Ole snappa ballen og sette den i tomt mål.

Etter ei felling i feltet fekk Ravn straffe, og Adrian, som spelte sin siste(?) kamp på ei stund då han reiser vekk på skule, dundra ballen knallhardt i mål til 0-4. 

Valder fekk to mål i sluttminutta, då det vart mest tullball, m.a. med raudt kort til heimelaget. Og det kunne nok Ravn og ha fått og, Adrian vart belønna med gult for felling som bakerste mann. Men Valder fekk mål på frisparket..

Ein godt gjennomført kamp av våre gutar. Michal Slydal ”debuterte” på Ravn etter tre år vekke, og gjorde ein god kamp på høgrebacken. Resten av forsvaret var også solide, og lenger framme viste Even, Dag Ruben og Ole Birger at forma er inne. Dette er karer som trener 5-6 dager i veka, og som er i ferd med å ta steget opp på A-laget.

Neste kamp er heime mot Rollon mandag 17. kl. 18.30.  7-er kamp!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv