Jr-seieren glapp på overtid

25 august 2009
Skrevet av:

Ravnjuniorane kjempa godt og hadde seieren i lomma i bortekampen mot Skodje/Ørskog mandag. Men på overtid utlikna heimelaget til 2-2.

Junior 2.divisjon avd.2

Skodje/Ørskog – Ravn 2-2 (1-2)

Mål Ravn: Ole Birger Neergård 2

Ravn: Holger Tovaas, Erik V. Stokke, Kim Krogsæter, Øystein Skarsbø, Eirik U. Orheim, Thomas Aarseth, Even Vatneødegård, Dag R. Midsund, Eirik Tomren, Michal Slydal, Ole B. Neergård, Ole Pej Nedrevold, Steffen Henjesand.

Dermed vart det ein sliten, skiten og skuffa Ravngjeng som gjekk av Skodjebanen etter ein godt gjennomført kamp. Surt med poengtap på overtid, men med tanke på at vi tapte 0-9 heime for same laget i vår, var dette likevel ein fin revansje.

Etter jamne åpningsminutt scora Skodje først, men etter kvart reiv Ravn til seg eit overtak. Etter flere gode angrep utlikna Ole Birger etter ei misforståing i S/Ø forsvaret. 

Like etter gjorde same mann 1-2. Ei kjapp kontring der vi kom med fire mann vart avslutta med ei fin pasning frå Michal til Ole, som netta enkelt.

Fortent Ravnleiing ved pause, og vi kunne fort hatt eit mål til. Kaptein Dag Ruben hadde ein stor 1.omgang og dominerte midtbanen saman med Even.

2.omgang vart ikkje like velspelt, noko ei blytung gjørmebane med altfor langt gras må ta ein del av skulda for. Det vart mange lange ballar og lite konstruktivt frå begge lag. Anført av stoppar Kim Krogsæter stod eit svært godt Ravnforsvar lenge imot, men med ei utakbar heading i nettaket utlikna Skodje/Ørskog til 2-2-på overtid. Skikkeleg bittert, men vi tar med oss ein god laginnsats vidare!

Ny kamp alt på torsdag, heime mot Rollon (7-er). Vi har att seks kampar i haust, og fem av dei er heime!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv