Harøy-Ravn 1-5. Her er endelig referatet.

24 august 2009
Skrevet av:

0-1                 Trond Hamre(8min)

0-2                Magnus Sperre Tennfjord(38min)

1-2                 Morten Liabø(43min)

1-3                 Trond Hamre(55min)

1-4                Ole Birger Nergård(90min)

1-5                Ole Birger Nergård(92min)

 

Dommar: Bjarte Steinsbu( dømte ein prikkfri kamp)

Laget: Holger Tovås, Magnus Sperre Tennfjord, Øyvind Farstad, Knut Egil Lied, Stian Eik( Ole Magnus Klokset,60) – Evind Grøtt Ulla, Jørn Killingmo(Even Vatneødegård,85), Jørn Hegglund(Kim A Krogsæter,45)- Tomas Aarsath(Ole Birger Nergård,45), Trond Hamre, Tore Nedrevoll(Dag Ruben Midsund,65)

Ravn vann ein fullt fortjent siger over Harøy, på ein flott Harøy stadion. Heimelaget var faktisk effektive som scora eitt mål på 2 sjanser. Eit godt Ravn-forsvar, med stopparparet Knut Egil og Øyvind F i spissen, skal ha æra for at Harøy knapt skapte sjanser i det heile. Ravn burde ha leda meir enn 2-1 ved pause, noko som var eit feilt kampbilde, etter spel og sjansar. 1-0 målet kom etter fint raid frå Jørn H på venste side, han spelte fri Trond som scora åleine med Harøy keeperen, Arve Myklebust. Ravn var farleg frampå fleire gonger ved Tore og Trond, men mål vart det ikkje før Magnus vart med i angrep. Og for eit mål!  Magnus reida opp frå høgre back posisjon, dribla eit par mann, før han dunka ballen i krysset frå 25 meter. I det 43. min. var Harøy på ein sjeldan visitt i Ravnfeltet. Harøy fekk her ein corner som Morten Liabø fekk pirka inn i mål, etter nokre dårlege avklaringsforsøk av Ravn. Surt å sleppe inn eit dritmål like før pause, etter ein god 1.omgong, der Ravn hadde full kontroll og burde ha hatt eit par mål til.

2.omgong starter med Ravndominans, men dei heilt store sjansane kjem ikkje før Trond får ballen i feltet,  dribler to mann og sett ballen sikkert i mål. 3-1 til Ravn og nokre roligare nerver på Ravnbenken. Ravn forsetter å styre kampen og skape sjanser, men i mål ville ballen ikkje før i det 90. minutt. Ole Birger blir fint spelt i gjennom av Dag Ruben, Ole Birger runder keeper, kriger inn ballen i duell med ein Harøy speler og det står 4-1 til Ravn.  Men Ole Birger gir seg ikkje med dette, og 2 minutt på overtid får han ei ny gjennombruddspasning som han sett vakkert i mål.

Ein fullt fortjent 5-1 siger der forsvaret var solide bakover, midtbana kriga og vann dei fleste duellane, og spissane fekk vist kor farlege dei er framfor mål. Med litt meir presisjon på den siste pasninga, så kunne det fort ha blitt  fleire mål.

Ein herlig lagsiger av dei 17 som fekk spele, med eit ekstra pluss til stopparane  Knut og Øyvind F, og Eivind og Jørn K som styrte midtbana på rutinert vis.

Neste kamp vert mot Giske IL, onsdag 26. august kl. 18.30 på Ravn Stadion.  Kom og støtt gutane !

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv