H7 med storsiger mot Ørskog.

18 august 2009
Skrevet av:

Herre7

Ørskog-Ravn 2-17. Herre 7 frykta på førehand bortekampen mot Ørskog. Eit lag som i vår slo Brattvåg og spelte uavgjort mot Aafk. Frykten viste seg å vere ubegrunna. Laget vi møtte var nok ikkje av same kvalitet som det dei stilte med i vår. Ravn leia 9-0 til pause på ei grasbane som var i god stand sjølv om det har regna mykje i det siste. Måla vart skåra av: Kjartan Myklebust 7, Jan Vatnehol 4, Svein Jakob Risvik 3, Frank Løvik 2 og Anders Berg 1. Dei som ikkje skåra var: Øyvind Rød (keeper), Øystein Grytten, Geir Helge Ness, Ole Magnus Klokseth og Bent Erik Nedrevold. Men dei skal ha ros for at det blei få baklengsmål!

Dette er største sigeren i Herre 7-avdelinga i år. Men vi har tidlegare i år skåra 18 i ein kamp, men slapp då inn 5. Vi har no skåra 80 mål og er det laget som skårar suverent mest (Aafk nest best med 64). Aafk slo forøvrig Norborg 11-8 i Uggedalen i går, leiar divisjonen med 3 poeng føre Ravn, og må vel seiast å ha stø kurs mot kretsmesterskapet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv