Dusinet fullt for juniorlaget!

28 august 2009
Skrevet av:

Junior

I ein forrykande juniorkamp på 7-erbanen torsdag kveld vann Ravnjunioarane 12-8 over Rollon.

Gutane våre varta opp med festspel og rundspelte Rollon i lange perioder. Tabelleiaren (!) kan takke sin gode keeper og tanksenter for at dei slapp så billeg unna. 

Ravn: Holger Tovaas, Erik V.Stokke, Eirik.U Orheim, Øystein Skarsbø, Ole Sivert V. Hauge,Michal Slydal, Ole P.Nedrevold, Even Vatneødegård, Ole Birger Neergård Eirik Tomren, Dag R.Midsund. 

Alt frå start av var det klart at denne kampen ville Ravn vinne. Ole Birger slo an tonen og skaut i stolpen etter fire sekund,og vi skapte haugevis med sjanser første 10 minutta. Men utruleg nok ville ikkje ballen i mål. Typisk nok scora Rollon på sitt første oppløp, og berre ei suveren strafferedning av Holger hindra 0-2. 

Men Ravn gav ikkje opp, held fram med godspelet og stor innsats, og gjekk opp i 2-1, og vidare til 4-2, før Rollon fekk to mål like før pause. Ein omgang der det meste stemte spelemessig, men Rollonkeeperen var nesten umuleg å overliste. 

Derimot løsna det skikkeleg for oss etter pause. Vi gjekk frå 4-4- til 9-4, der dei fleste måla kom etter glimrande klikk-klakkk spel og avslutning i åpe mål. Det var verkeleg moro å sjå laget som prudla av speleglede og innsats. Forvandlinga frå vårkampen på Rollonbanen var ufatteleg; der tapte vi 10-2!

Vi sprang Rollon i senk med stor bevegelse og let ballen gå langs bakken. Gutane våre verka betre trent enn gjestane, og måla kom jamnt og trutt til 12-4 eit kvarter før slutt. Då kom Rollon med ein altfor sein sluttspurt, der den sterke spissen deira dundra inn dei fleste måla, til det smått uvanlege sluttresultatet 12-8. 

Dermed har juniorlaget på tre haustkampar kapra sju poeng, mot fire i heile vår,og har no snart heng på midtskiktet på tabellen. 

Måla vart (truleg) scora av: Ole Birger 5, Even 2, Eirik T. 2, Dag Ruben 3.   

Ny heimekamp – 11-er -mot Stranda mandag førstkomande kl.18.30.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv