Alaget slo Skodje

13 august 2009
Skrevet av:

Ravn møtte divisjonskollega Skodje til treningskamp på Ravn Stadion onsdagskvelden. Ravn hadde full kontroll og vann komfortabelt 5-2. Det stod 3-0 til pause. Trond Hamre blei 3-målsskårar.

Kampen blei leia av Per Ove Vatnehol, som gjorde ein svært god jobb. Per Ove var myndig og god, og sørga med det for at kampen ikkje fekk utarte. Skodjingane takla dårleg å tape, og skal vere glade for at dei fekk avslutte kampen med 11 mann. Stygge taklingar vil vi helst sleppe i fotball, spesielt i treningskampar.

Ravn gjorde 1-0 ved Trond Hamre etter gjennomspel fra Jørn Heggelund. 2-0 kom etter straffe ved Eivind Ulla (etter felling av Ingebrikt Bjørkevoll). Trond Hamre gjorde 3-0 etter innlegg fra Jørn Heggelund.

Skodje reduserte til 3-1 etter pause på straffe. Ravn aukar til 4-1 ved Ole Birger Neergård som vender fint opp på 20 meter og dunkar ballen i mål. Skodje reduserer til 4-2 ved Bjørnar Aure etter eit flott langskot. Trond Hamre er igjen frampå etter eit fint gjennomspel og fastset sluttresultatet til 5-2. Godt gjennomført kamp av Ravn. 2 mann fekk sin debut for Ravn i denne kampen, og begge gjorde ein god jobb. Den eine var juniorspelar Even Vatneødegård og den andre var rutinerte Øyvind Farstad (solid midtstoppar med fartstid fra blant anna Norborg og Brattvåg).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv