Tap for damelaget.

03 juni 2009
Skrevet av:

Damelaget Ravn/Norborg tapte tysdag kveld 1-3 for Ellingsøy på Uggedal Stadion. Mål: Christina Barstad. Det vart nok eit surt tap for damelaget. Dei to siste kampane har vore jamne og begge har endt med tap. Mot Ellingsøy starta vi med god tru på seier og vi stillte med heile 5 innbytterar, som er rekord i år. Så vi skulle ha nok løpskapasitet.

1.omgang var svært jamn og begge lag hadde sine sjansar. Men det var Ellingsøy som gikk til pause med leiinga. Utover 2. omgang tok vi meir over spelet og Ellingsøy såg ut til å bli slitne. Vi hadde mange å bytte inn så vi klarte å halde oppe trykket. Til slutt fekk vi høl på byllen etter mange forsøk. Keeperen til Ellingsøy var god i denne kampen og redda mange vanskelege ballar, men Christina Barstad klarte å utmanøvrere ho med eit fint skudd. 1 – 1, og vi fekk igjen trua på seier. Dessverre svarte Ellingsøy kontant og scora med eit skudd i krysset. Vi heldt fram med å presse på, men vi mangla den siste biten for å score. Ellingsøy scora eit til i dei siste 5 og da var kampen avgjort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv