Herre 7. Aksla-Ravn 5-5.

19 juni 2009
Skrevet av:

herre71

Det vart uavgjort igjen for Herre 7. Eit noko skuffande resultat for karane, som sleit med å få fart på beina og ballen i denne kampen. 12-12 oppgjeret mot Aafk 2 dagar tidlegare sat nok i beina.

Kampen i Ratvika starta med eit visst press frå Aksla, anført av en opplagt og løpsvillig Marius Aam (som spelte tippeligafotball for Aafk for ikkje so altfor lenge sidan). Men Aksla var sørgelig inneffektive framføre mål og greidde ikkje å skåre. Det gjorde imidlertid Ravn ved Sverre Flem etter ca 10 minutt, noko imot spelets gang. Etter dette kjem det ein god periode for Ravn, og etter ein halv time står det 4-0 til Ravn. Aksla er likevel med på notane heile tida.

Som i kampen mot Aafk har Ravn sin dårlegaste periode i starten av 2. omgang. Aksla skårer 4 mål av det heller lettkjøpte slaget og 10 minutt ut i 2. omgang er stillinga 4-4. Mykje å sette fingeren på i denne perioden. Klønete balltap i farlege posisjonar, manglande returløp og elendig duellspel er nokre stikkord.

Etter dette sjokket løftar Ravn seg litt og er meir med igjen. Etter ei stund gjer Kjartan 5-4 på vakkert vis. Ravn-karane greier ikkje å få spelet til å gli, men kjemper iallefall hardt for å vinne kampen. Vi har no sjansar til å sette spikeren i den berømte kista, men greier ikkje å få det avgjerande målet. Aksla er heile tida bra med, og det siste som skjer i kampen er at Aksla greier å skåre etter litt klabb og babb i Ravn-forsvaret. Dermed 5-5 i ein kamp som kunne bikka begge veger, men der Ravn etter 4-0 leiing i 1. omgang nok var mest skuffa.

Vårsesongens siste kamp går mot Norborg, som ligg eit poeng bak oss, men med ein kamp mindre spelt. Eit godt Norborg-lag som forøvrig banka Aksla 12-4 på tirsdag i Ratvika. Men, fotball er heldigvis ikkje matematikk (sikkert ein av grunnane til at det er så populært…)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv