Herre 7 var i går i Brattvågen og måtte bokføre årets første tap. Brattvåg var hakket bedre gjennom heile kampen og resultatet vart til slutt 8-3. Ein godkjent kamp av Ravn, men det kjem vel fram at laget trener for lite. Men det er vanskeleg å få til noko meir, då laget stort sett består av personar som gjer ein kjempeinnsats for klubben gjennom treneroppgåver og lignande.
Etter 3 sigrar hadde Ravn eit håp om at dei skulle kunne utfordre Aafk i år i kampen om kretsmesterskapet. Det håpet fekk seg ein knekk i går. Brattvåg frykta tydelegvis denne kampen på førehand og hadde henta inn blant anna Frank Dalhaug til denne kampen. På grensa til usportsleg å styrke desse 7er-laga med dei beste spelarane frå 11er-laga i klubbane, spør du oss…
Dette var første kamp i ei rekke på 4 kampar på 12 dagar for desse forholdsvis utrente karane. No skal Herre 7 i tur og orden møte Aafk, Aksla og Norborg. Dette er alle kampar det blir tøft å ta poeng i, og spesielt mot Aafk må ein framvise meir kløkt enn det som blei gjort i Brattvågen. Aafk leiar avdelinga med 10 poeng på 4 kamper, Brattvåg har 10 poeng på 5 kampar, Ravn har 9 poeng på 4 kampar og Norborg har 7 poeng på 4 kampar. Fortsatt er det tett i toppen, og alle desse 4 laga er i høgste grad med, men vi trur det berre er eit tidsspørsmål før Aafk som vanleg stikk ifrå resten.
Gratulerer til Fjørtoft som tok sesongens første siger (4-1 heime mot Ørskog).