Brattvåg2-Ellingsøy 2-3. I følgje heimesida til Brattvåg var Ellingsøy dødelig effektive, og Brattvåg det motsette. Dermed leier Ellingsøy (10 p) med 4 kampar spelt.
Brattvåg 2 (5 kampar), HaNo (4 kampar) og Ravn (5 kampar) ligg like bak med 9 poeng. Ellingsøy og HaNo har dermed som venta før sesongen tok til, skaffa seg eit overtak.
Harøy slo Lepsøy heile 7-1 på Harøya og sende dermed ut eit signal om at dei og har planer om å vere med på øvre halvdel. Harøy har dermed 6 poeng på 4 kampar, og vil kome likt med Brattvåg 2 og Ravn om dei vinn sin neste kamp. Lepsøy har 7 poeng på 5 kampar og må begynne å vinne kampar igjen om dei vil vere med.
Neste heimekamp for Ravn er tirsdag 09.06. Motstander er HaNo. Ein kamp som må vinnast dersom ein skal unngå at Ellingsøy og HaNo stikk ifrå resten av laga. HaNo fekk utsett kampen mot Giske som skulle spelast i går.