Alaget slo til igjen 1. pinsedag og sigra 6-1 over samarbeidslaget Godøy2/Vigra2 på bortebane. Det stod 3-1 til pause. Dette vart en solid lagsiger for et velfungerande Ravnlag. Godøy/Vigra fekk 1 mål i første omgang på eit straffespark av det billege slaget, utan det hadde dei kun eit skot på mål. Sverre Flem skåra 3 flotte mål.
Måla vart sett inn av: Sverre Flem (3), Trond Hamre (1), Thomas Årseth (1) og Stein Erik Alvestad (1).
Gule kort Ravn: Knut Egil Lid og Jørn Heggelund (Jørn fekk det for filming, her hadde det korrekte vore om Jørn fekk straffe). Vi som kjenner Jørn veit at han aldri har filma i heile si fotballkarriere.
Laga fra Giske Kommune (Giske, Godøy2/Vigra2) er dei klart svakaste laga i 5. divisjon, og vil legge beslag på dei 2 siste plassane i divisjonen. Ravn har no like mange poeng som tetlaga HaNo og Brattvåg2 (9 poeng), men har spela ein kamp meir. Ellingsøy på 7 poeng har spela 2 kamper mindre enn Ravn. Lepsøy på 7 poeng har ein kamp mindre enn Ravn. Onsdag skal desse kampane spelast (våre tips i parantes): Brattvåg2-Ellingsøy (U), Harøy-Lepsøy (U), HaNo-Giske (H). I tillegg skal Ellingsøy-Godøy2/Vigra2 (H) møtast laurdag. Kampen i Brattvåg betyr mykje for rekkefølga i toppen. Vinn Brattvåg2 vil dei etter 5 kampar sannsynlegvis toppe saman med HaNo (som vinn mot Giske). Med uavgjort vil sannsynlegvis HaNo innta tabelltoppen (framføre Ellingsøy). Vinn Ellingsøy, vil dei gå i tet, med HaNo på 2. plass. Lepsøy vil med siger over Harøy på bortebane vere med i toppen, med Ravn rett bak.
Uansett mykje spanande kamper i vente. Slik det ser ut no trur vi at tetlaga i divisjonen kjem til å bestå av Ellingsøy, HaNo og Brattvåg2. Ravn og Lepsøy må kjempe om fjerdeplassen. Harøy havnar litt bak desse på 6. plassen, medan Godøy2/Vigra2 og Giske endar på 7. og 8. plass. Men, denne skribenten har tippa feil før når det gjeld fotball, og vil garantert gjere det igjen.