Daglig arkiv: 16 juni 2009

Herre 7. Ravn-Aafk 12-12!!!!!!!!!

16 juni 2009
Skrevet av:
Framme: Stian Eik, Jan Petter Hagen, Tony Ellingsen, Erlend Fjørtoft og Øystein Grytten. Bakerst: Jørn Heggelund, Sven Jakob Risvik, Terje Ødegård, Jørn Killingmo, Sverre Flem og Kjartan Myklebust.

Framme: Stian Eik, Jan Petter Hagen, Tony Ellingsen, Erlend Fjørtoft og Øystein Grytten. Bakerst: Jørn Heggelund, Sven Jakob Risvik, Terje Ødegård, Jørn Killingmo, Sverre Flem og Kjartan Myklebust.

 

Dette må ha vore ein av tidenes mest spesielle kampar på Ravn Stadion. Oppgjeret mellom dei edlaste årgangane i Ravn og Aafk endte 12-12!

Ravn stilte eit sterk lag denne kvelden og opna forrykande. Etter kort tid stod det 2-0 til Ravn. Da trudde vi som i Jo Nesbøs og DiDerres sang om Erik Vea ”at noe vakkert skulle skje”. Men dengang ei. Aafk hadde ikkje tatt turen til Vatne for å vere rundingsbøyer. Dei svarte ein, to og tre gongar og hadde plutselig tatt leiinga. Ravn rista av seg sjokket, byrja å spele ball igjen og ikkje lenge etter stod det 4-3 til heimelaget etter vakre skåringar. Men Aafk svara på tiltale igjen og utligna til 4-4. Ravn fortsatte med godt spel og gjekk igjen opp i leiinga og kunne gå til pause med ei fortjent 5-4 leiing.

I pausa var det god underhaldning å høyre på smått frustrerte Aafk-spelarar diskutere seg imellom om kven som hadde gjort kva gale. Men, det verka som Aafk likevel hadde brukt pausa betre enn Ravn. I 2. omgang putta dei jamnt og trutt i starten og ikkje så langt ut i 2. omgang stod det 8-5 til Aafk. Mange trudde nok da at løpet var køyrd. Men Ravn-karane ville det annaleis denne kvelden. Ein stod på og kjempa, og begynte opphentinga. Ei stund ut i omgangen stod det 8-7 til Aafk. Aafk gjekk opp til 9-7, men nok ein gong beit Ravn seg fast og reduserte. Ravn kjempa vidare, og som myggen på Finnmarksvidda ein sommarkveld gav dei aldri Aafk fred. Aafk beheldt likevel leiinga til det stod 12-11 og hadde vore i føringa heile omgangen, men ikkje klart å rista av seg Ravn.

Kjempinga til Ravn-karane betalte seg og nokre minutt før slutt utlikna vi til 12-12. Eit noko spesielt resultat i ein fotballkamp, men greitt etter spel og sjansar. Med litt lengre omgangar hadde vi tatt dette!

Vanskeleg å framheve nokon på Ravn då alle var gode. Målskårarane må vi komme tilbake til då det blei litt vanskeleg å halde tellinga…

Best på bana var kanskje dommar Bjørn Kårvatn som leia oppgjeret på ein framifrå måte. Han var nok den på bana som gjorde minst feil.

 

 

Alt i alt to velspelande lag, som kanskje må prioritere å jobbe litt med forsvarsspel i tida som kjem?

 

 

Vår unge keeper Holger Tovås manglar på bildet. Kvar tok han vegen?

 

 

Det er no svært jamnt i toppen. Tabell finn du her: Tabell

182 stk påmeldt Tine Fotballskule 2009.

16 juni 2009
Skrevet av:
tine-sc3b8ndag-08-039

Bildet er fra Tine Fotballskole i 2008. Det første store arrangementet på nybana.

182 stk har no meldt seg på vår populære fotballskule (pr 19.08). Vi har plass til ca 180-190 stk, og kan difor fortsatt ta imot nokre få påmeldingar. Påmelding på epost til oystein.grytten@adsl.no Fotballskulen er 21.-23. august. Dei fleste påmeldte er frå Ravn, men der er og ein god del fra Norborg, Brattvåg, Skodje og Ørskog. Kjempebra!

Gjengløymde treningskleder på stadion.

16 juni 2009
Skrevet av:

Det ligg ofte igjen mykje treningsklede på og rundt stadion. Vi ber derfor alle foreldre om å vere påpasselige med å merke kleda til ungane med navn.

På denne måten kan vi då finne ut kven eigaren er. Dersom ikkje blir det samla inn og etterkvart kasta. Vi kan ikkje ha liggande store berg av klede, drikkeflasker, sykkelhjelmar o.l.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv