Daglig arkiv: 08 juni 2009

Akamp: Ravn-HaNo. Tirsdag 09.06 kl 18.00.

08 juni 2009
Skrevet av:

thomasKlarer Thomas Årseth & co å få HaNo i kne i denne viktige toppkampen i 5. divisjon avd.3? Ellingsøy har slått Godøy2/Vigra2 og har fått ei luke til resten av laga. Ellingsøy har 13 poeng på 5 kampar. Lepsøy har 10 poeng på 6 kampar. HaNo har 9 poeng på 4 kampar. Brattvåg 2 og Ravn har 9 poeng på 5 kampar. Ein særdeles viktig kamp for å henge med i tetstriden. Møt opp og støtt karane!

Sunnmøre Fotballkrets har endå ikkje klart å rette opp resultatet i kampen Godøy2/Vigra2-Ravn. Ravn vann denne som kjent 6-1, men i resultatsørvisen til kretsen står Ravn oppført med tap 6-1 i denne kampen. Dermed står vi også berre oppført med 6 poeng i tabellen. Ufatteleg at ein ikkje klarer å rette opp dette til tross for fleire purringar.

J10, rapport frå Volda-Cup.

08 juni 2009
Skrevet av:

j10-rema-1000-cup-volda-2009Som kjent gjorde J13 det veldig bra under årets Rema 1000-cup i Volda. J10 jentene deltok også og gjorde ein flott innsats. Det vart to sigrar (mot Volda 1 og Volda 2), og eitt tap (mot Hødd) etter mykje fint spel.

Kampen mot Hødd blei noko spesiell, med blant anna mange skadeskotne spelarar på begge lag! Hødd hadde ei jente som verkeleg hadde krutt i støvlane. Frå eigen banehalvdel banka ho fleire gonger ballen i mål utan at vår gode keeper hadde nubbesjans til å stoppe ballen. Aldri har vi sett slik skuddkraft i denne klassa. Når ho då traff våre spelarar måtte dei ved eit par tilfeller ned for telling.

Men, vi har og ei jente med krutt i støvlane (Fride), som traff Hødd-keeperen med eit skot som gjorde at ho måtte avbryte kampen. Ny keeper blir sett inn, men berre etter eit par minutt gjentek det samme seg. Fride skyt og keeper må ned for telling! Ikkje kjekt når so mange skadar seg, men det må vel lærast dette og. Vi taper kampen, men vinn 2. omgang etter å ha rista av oss det verste sjokket. Ros til Volda for ei fin gjennomført turnering og eit effektivt kampoppsett.

Grasrotgiver nr 100 meldte seg i løpet av helgen.

08 juni 2009
Skrevet av:

Då er vi oppe i 101 registrerte grasrotgivere i IL Ravn. Eit antall vi er godt nøgde med, og vi takkar alle som gjer at IL Ravn på denne måten mottek støtte frå Norsk Tipping.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv