Daglig arkiv: 04 juni 2009

Klubbdommarkurs torsdag 11.06 kl 18.00.

04 juni 2009
Skrevet av:

IS554-032Det vert halde klubbdommarkurs på Eidet Kulturhall. Kurset er tenkt for våre medlemmer frå 14 år og oppover som vil lære meir om dømming. Kurset vert halde av vår rutinerte dommar Geir Arne Nordby.

Påmelding til Pål Devold. Tlf: 99 21 96 38. Epost: paal.devold@johansen.no

Flaskepantaksjonen laurdag 06.06 er utsett.

04 juni 2009
Skrevet av:

Pga kapasitetsproblem blir vi nødt til å utsette den planlagde flaskepantaksjonen. Ny dato blir offentleggjort når vi har den klar.

Bli grasrotgiver nr 100 til IL Ravn!

04 juni 2009
Skrevet av:

Det er nå 98 stk som har registrert spillekortet sitt hos Norsk Tipping opp mot IL Ravn. Gå til tippekommisjonæren og bli nr 100!

Her kan du sjå kor mykje ordninga hittil har gitt IL Ravn: Grasrotandelen

I Haram er det hittil Norborg som har desidert flest registrerte med 200 stk. Som nummer 2 finn vi Brattvåg IL med 100 stk, tett bak ligg Ravn med 98 stk.

5. div avd 3. Ellingsøy inntok tabelltoppen.

04 juni 2009
Skrevet av:

Brattvåg2-Ellingsøy 2-3. I følgje heimesida til Brattvåg var Ellingsøy dødelig effektive, og Brattvåg det motsette. Dermed leier Ellingsøy (10 p) med 4 kampar spelt.

Brattvåg 2 (5 kampar), HaNo (4 kampar) og Ravn (5 kampar) ligg like bak med 9 poeng. Ellingsøy og HaNo har dermed som venta før sesongen tok til, skaffa seg eit overtak.

Harøy slo Lepsøy heile 7-1 på Harøya og sende dermed ut eit signal om at dei og har planer om å vere med på øvre halvdel. Harøy har dermed 6 poeng på 4 kampar, og vil kome likt med Brattvåg 2 og Ravn om dei vinn sin neste kamp. Lepsøy har 7 poeng på 5 kampar og må begynne å vinne kampar igjen om dei vil vere med.

Neste heimekamp for Ravn er tirsdag 09.06. Motstander er HaNo. Ein kamp som må vinnast dersom ein skal unngå at Ellingsøy og HaNo stikk ifrå resten av laga. HaNo fekk utsett kampen mot Giske som skulle spelast i går.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv