Daglig arkiv: 03 juni 2009

Surt tap for juniorane i nabooppgjeret.

03 juni 2009
Skrevet av:

Ravnjuniorane tapte 2-1 for Brattvåg på Brattvåg KGB tysdag kveld. Ravn var spele og sjansemessig på høgde, og vel så det. Ole Birger scora med eit flott venstrebeinsskot etter gjennomløp i midten, nydeleg pasning frå Dag Ruben. Dette var like etter pause og stillinga blei då 1-1. Ravn køyrde då kampen og skulle ha avgjort. I staden avgjer Brattvåg 10 minutt før slutt på eit frispark frå over 40 meter.

Tap for damelaget.

03 juni 2009
Skrevet av:

Damelaget Ravn/Norborg tapte tysdag kveld 1-3 for Ellingsøy på Uggedal Stadion. Mål: Christina Barstad. Det vart nok eit surt tap for damelaget. Dei to siste kampane har vore jamne og begge har endt med tap. Mot Ellingsøy starta vi med god tru på seier og vi stillte med heile 5 innbytterar, som er rekord i år. Så vi skulle ha nok løpskapasitet.

1.omgang var svært jamn og begge lag hadde sine sjansar. Men det var Ellingsøy som gikk til pause med leiinga. Utover 2. omgang tok vi meir over spelet og Ellingsøy såg ut til å bli slitne. Vi hadde mange å bytte inn så vi klarte å halde oppe trykket. Til slutt fekk vi høl på byllen etter mange forsøk. Keeperen til Ellingsøy var god i denne kampen og redda mange vanskelege ballar, men Christina Barstad klarte å utmanøvrere ho med eit fint skudd. 1 – 1, og vi fekk igjen trua på seier. Dessverre svarte Ellingsøy kontant og scora med eit skudd i krysset. Vi heldt fram med å presse på, men vi mangla den siste biten for å score. Ellingsøy scora eit til i dei siste 5 og da var kampen avgjort.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv