Månedlig arkiv: juni 2009

Øyacup på Fjørtofta i helga.

30 juni 2009
Skrevet av:

alag

Desse staute karane skal på øyacup i helga. Der er dei i pulje med Lepsøy og Norborg. Lag som ein bør kunne gi trøbbel på øyacup! I den andre pulja finn vi Fjørtoft, Harøy og HaNo.

 

damelag

Desse flotte damene skal og på øyacup. Dei er i ei tøff pulje med Lepsøy og Brattvåg. I den andre pulja er Fjørtoft, Harøy og HaNo.

Les meir om øyacupen på: Heimesida til Fjørtoft

J10 avslutta vårsesongen i fjøra.

27 juni 2009
Skrevet av:
Blide J10-jenter i fjøra.

Blide J10-jenter i fjøra.

Jente 10 la avslutninga av vårsesongen til fjørå på Tennfjordneset. Veret var strålande, og det vart ein kjempekjekk kveld for både trenarar og spelarar. Det vart bada, grilla, fiska småkrabbe og ete is.

Dette handlar om å skape eit godt miljø i laget, gjere det kjekkare å halde på med fotball og få spelarane til å trivast i lag. Da vil dei høgst sannsynleg halde på med fotball lengre også.

Om dette vil gjere oss til eit betre fotballag? Tja, det trur iallefall vi.

Vi løyvde nokre istid 3-isar. Dei måtte trenarane ta seg av…Mango saftis er godt nok det, men det er nok med ein.

På bilete nedanfor kan vi sjå Odd Kåre optimistisk igang med sin andre is. Det kan sjå ut som han nærmar seg metningspunktet.

Odd Kåre kosar seg i sola.

Odd Kåre kosar seg i sola.

H7. Bileter og omtale fra 12-12 kampen på aafk.no

24 juni 2009
Skrevet av:

Herre 7 sin tidlegare omtala 12-12 kamp mot Aafk har blitt lagt merke til også på Color Line Stadion.

Sjå meir om dette på heimesida til Aafk: Klikk her.

H7 vann, knepent tap for damene.

22 juni 2009
Skrevet av:

Damelaget nærmar seg sin første siger. I går blei det eit knepent tap mot Lepsøy. Kampen gjekk ute på Lepsøya og det vart til slutt 3-2 til heimelaget. Ravn/Norborg sine mål vart skåra av Ingvill Lausund og Birgitte Ringstad. Det er no berre eit tidsspørsmål før damene er på vinnarsporet.

Herre 7. Norborg-Ravn 2-9. Herre 7 avslutta vårsesongen på fint vis og kunne til slutt gå av bana i Uggedalen med ein 9-2 siger. Det var imidlertid Norborg som åpna best og gjekk opp i ei 2-0 leiing. Det gjekk likevel ikkje så lang tid før Ravn begynte å sette sjansane sine og kunne gå til pause med ei 3-2 leiing. Norborg starta 2. omgang dårleg og etter kort tid stod det 6-2 til Ravn. Då var kampen avgjort. Ravn hadde eit visst spelemessig overtak gjennom heile omgangen og vann til slutt komfortabelt 9-2.

Den største forskjellen på laga var nok effektiviteten framføre mål. Begge lag hadde mykje sjansar, men Ravn var hakket betre (og roligare) når dei skulle omsettast i mål.

Den beste på Uggedal Stadion i går var nok Ravnkeeper Øyvind Rød. Pluss også til Kjartan Myklebust og dommar Helge Uggedal (som var stødig og god i går, men som burde ha slått ned litt hardare på Kenneth Vegsund sine hasardiøse Pondus-taklingar…).

Tabell Herre 7.

 

 

Treningsdressane kjem onsdag 24. juni.

20 juni 2009
Skrevet av:

adidas-trofeo-pre-suitDet blir utdeling av treningsdressar onsdag 24. juni kl 18.30 i bygdastova. Comet Sport vil i tillegg ha med seg ein del fotballsko i barnestørrelser til gode priser. Vi veit at utvalget ofte er dårleg (eller dyrt) på sportsbutikkane når det gjeld sko til dei unge. Så dersom det er nokon som treng sko, så kan det vere lurt å ta en sjekk på kva Comet har å tilby. Husk å ta med pengar eller bankkort.

Ravn blir arrangør av inne-KM for J13.

19 juni 2009
Skrevet av:

Ravn skal helgen 30.10-01.11 arrangere inne-KM (eller Rica Parkett Cup som er det offisielle navnet) for Jente 13.

Det er no 2 år sidan vi arrangerte inne-KM. Den gong for G13, som forøvrig var eit svært vellukka arrangement.

Nytt av året er at det skal arrangeres etter Futsal-regler. Les meir her.

Herre 7. Aksla-Ravn 5-5.

19 juni 2009
Skrevet av:

herre71

Det vart uavgjort igjen for Herre 7. Eit noko skuffande resultat for karane, som sleit med å få fart på beina og ballen i denne kampen. 12-12 oppgjeret mot Aafk 2 dagar tidlegare sat nok i beina.

Kampen i Ratvika starta med eit visst press frå Aksla, anført av en opplagt og løpsvillig Marius Aam (som spelte tippeligafotball for Aafk for ikkje so altfor lenge sidan). Men Aksla var sørgelig inneffektive framføre mål og greidde ikkje å skåre. Det gjorde imidlertid Ravn ved Sverre Flem etter ca 10 minutt, noko imot spelets gang. Etter dette kjem det ein god periode for Ravn, og etter ein halv time står det 4-0 til Ravn. Aksla er likevel med på notane heile tida.

Som i kampen mot Aafk har Ravn sin dårlegaste periode i starten av 2. omgang. Aksla skårer 4 mål av det heller lettkjøpte slaget og 10 minutt ut i 2. omgang er stillinga 4-4. Mykje å sette fingeren på i denne perioden. Klønete balltap i farlege posisjonar, manglande returløp og elendig duellspel er nokre stikkord.

Etter dette sjokket løftar Ravn seg litt og er meir med igjen. Etter ei stund gjer Kjartan 5-4 på vakkert vis. Ravn-karane greier ikkje å få spelet til å gli, men kjemper iallefall hardt for å vinne kampen. Vi har no sjansar til å sette spikeren i den berømte kista, men greier ikkje å få det avgjerande målet. Aksla er heile tida bra med, og det siste som skjer i kampen er at Aksla greier å skåre etter litt klabb og babb i Ravn-forsvaret. Dermed 5-5 i ein kamp som kunne bikka begge veger, men der Ravn etter 4-0 leiing i 1. omgang nok var mest skuffa.

Vårsesongens siste kamp går mot Norborg, som ligg eit poeng bak oss, men med ein kamp mindre spelt. Eit godt Norborg-lag som forøvrig banka Aksla 12-4 på tirsdag i Ratvika. Men, fotball er heldigvis ikkje matematikk (sikkert ein av grunnane til at det er så populært…)

Sportsklokke funne ved stadion.

18 juni 2009
Skrevet av:

Sportsklokke med mørk grøn lenke, er funne ved Ravn Stadion 17.06. Per Ove Tennfjord tek no vare på denne og han kan kontaktast på tlf 95 02 60 79.

Rekrutteringsdommarkurs på Vatne 3. og 4. juli.

18 juni 2009
Skrevet av:

IS554-032

Etter at vi hadde så godt oppmøte på klubbdommarkurset vil vi no ta dette et steg vidare og inviterer i samarbeid med Sunnmøre Fotballkrets til rekrutteringsdommarkurs.

Kurset vert halde på Eidet Kulturhall og startar fredag 3. juli kl 18.00 og varer til kl 21.00. Neste økt er laurdag 4. juli kl 11.00-15.00. Desse dagane vil det vere teori. Praksis med dømming og veileding vil bli seinare.

Kurset er gratis. Påmelding til sfk@fotball.no eller tlf 70 11 44 50.

Meir om dette kan du lese på fotballkretsen si heimeside: Les meir her.

G10, rapport frå turnering 6. mai.

17 juni 2009
Skrevet av:
Team Knut

Team Knut

Team Michael

Team Michael

 

G10 er eit av dei største kulla vi har. Dei er ca 18 spelarar og er no inne i sin 4. sesong.

Miniturneringa 6. mai på eige kunstgras vart ein suksess og gutta gjorde mange flotte kampar og

prestasjonar.

Det vart ein kjempekjekk ettermiddag med fotball, kiosk og litt dårleg vér, utan at det la nokon dempar på innsats og humør (det kan ein sjå av bileta).

 

Dei er i pulje med Skodje, Ørskog 1 og 2, Valldal og Brattvåg.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv