Damelaget: Ravn/Norborg-Stranda 3-11.

19 mai 2009
Skrevet av:

Ravn mangla mange av dei faste spelerane denne kampen, men vi fekk hanka inn nok folk til at vi kunne stille lag. Uansett så såg vi for oss ein tøff kamp mot eit lag som spelte 11`er i fjor. Det positive for oss var at Stranda ikkje hadde nokon innbytterar.
Første omgang opna Stranda best med to stangskudd. Dei pressa oss bra med fint passningspel og god rørsle i angrepet. Men vi klarte å stå av det første kvarteret før det første målet kom. No kom Ravn meir inn i kampen og utnytta det at Stranda løg høgt på bana og pressa oss. Lange pasningar fram mot spissen vår Mali gjorde at vi kom til nokre halvsjansar og ein stor ein. Men nesten skyt ingen av hesten så det vart berre med sjansane. Stranda fortsatte å presse og fekk til slutt sitt andre mål for dagen. Men Ravn svarte ikkje lenge etterpå med eit mål av Trude. Kampen jevna seg ut litt og vi ana mulighet for å kunne klare uavgjort til pause. Men det var Stranda som fekk inn sitt tredje for dagen istadenfor. 1-3 til pause.
Andre omgang opna med god tru på at dette kunne vi klare. Kampen var absolutt ikkje avgjort. Men Stranda viste raskt at dei ville avgjere denne kampen. Dei hadde flytta opp ei av dei mest rutinerte på laget opp på midtbana og fekk mykje meir flyt i spelet sitt. Noko som gav dei mange sjansar og etterkvart fleire mål. Ravn brukte mykje energi på å springe imellom og det viste snart på laget. Stranda hadde meir krut i beina og kunne presse oss heilt til siste minutt. Noko som resulterte i sluttresultatet 3-11. Søstrene Lisa og Marte Tennfjord Vadset satt inn våre to siste mål.
 
Mål: Trude D. Otterlei, Marte Tennfjord Vadset, Lisa Tennfjord Vadset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv