Juniorane vann 5-0 over Emblem.

27 mai 2009
Skrevet av:

Fire mål av Ole Birger Neergård, eitt av Even Vatneødegård og flott laginnsats gav årets første seier for Ravnjuniorane tirsdag.

 

Ravn – Emblem 5-0 (2-0)

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg. Ingen kort.

 

Endeleg klaffa det for juniorlaget, som har slite tungt i år. Men tirsdag gnistra det av gutane, som spelte betre og betre utover i kampen. Og i denne kampen klaffa det også framfor mål. Ole Birger Neergård gjorde måla i 1.omgang, begge på glimrande soloprestasjoner der han han parkerte gjesteforsvaret og avslutta først med ein elegant kipp frå spiss vinkel, og 2-0 mellom føtene på keeper.

 

Knapt minuttet var gått av 2.omgang før han fullførte hattricket. Etter ein perfekt stikker fra Eirik Tomren kom han åleine,  runda keeper og 3-0. Og 4-0 var omtrent reprise; ny flott pasning frå Eirik, og denne gongen lobba Ole B. elegant inn 4-0. Ein som vanleg hardtkjempande Even vise at også han kan lobbe, og det gjorde han perfekt frå 20 meter til 5-0. I sluttminutta var vi nære fleire scoringar, då kom både midtbanespelarar og stopparane opp og ville ha mål.

 

Laginnsatsen var framtredande, men nemnast må likevel Kim Krogsæter, som med sitt enorme hovudspel og rutine skapte tryggheit i forsvaret. Kjempekamp også av stopparkollega Erik. V. Stokke. Bortsett fra (litt for) mange cornerer, spelte ikkje Emblem seg til klare målsjanser, sjøl om dei var godt med i banespelet før dei gav opp mot slutten. Heile midtbanen jobba godt og var konstruktive, og på topp var Ole B ein trussel kampen gjennom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv