Dramatikk i jr. tap 3-4 mot Stranda

12 mai 2009
Skrevet av:

Stranda-Ravn 4-3 (3-1)

Mål Ravn: Even Vatneødegård (2) Ole B. Neergård

 

Ravn: Holger Tovaas, Emil Bjørlykkhaug, Harald R. Nielsen, Øystein Skarsbø, Kristian Vatne, Even Vatneødegård, Steffen Henjesand, Ole P. Nedreveold, Gunnar Tvedt, Dag R Midsund, Eirik Tomren. Ole B. Neergård, Kim Krogsæter.

 

Denne kampen hadde det meste: scoringar, godt spel, spenning til siste slutt, og ei frykteleg Kung-Fu-takling frå Stranda som resulterte i hovudskade og legevakta for Harald R. Nielsen.

 

Av Per Ove Tennfjord

 

I løpet av mandagen hagla det inn med fire forfall i den på førehand så sterke Ravn-troppen, men la det vere sagt med ein gong: dei 13 som reiste til Stranda gjorde ein flott kamp og har all ære av innsatsen.

 

Vi opna godt, og etter 10 minutt la Eirik ein perfekt corner som Even heada kontant i mål.

 

Ravn hadde full kontroll, men så skjedde det fatale etter ca. 20 minutt: Harald gjekk i duell, men der kom ein Strandar med knottane først i den fælaste taklinga som tenkast kan. Harald silblødde med ei stor flenge i bakhovudet. Hardhausen ville inn att og spele, men vart ledsaga av Palmar til legevakta, og kom ferdigsydd oppatt i slutten av 2.omgang.

Og Stranda vart belønna kun med gult kort for overfallet!

 

Etter skaden måtte Ravn omrokkere, og sleit ei stund med formasjonane, noko Stranda utnytta maks med å score på tre av fire sjansar.

 

2.omgang starta med ei fin forsering av Gunnar, der han vart riven ned. Straffe, og Even finta keeper på baken og gjorde sitt 2. for dagen.

 

Eit unødvendig frispark gav heimelaget 4-2, men Ravn køyrde hardt på resten av kampen. Fleire gode angrep vart rulla opp, men det vart med Ole B si fantastiske brasse via tverrliggar og i mål til 3-4.

 

Tapet til tross – dette var stor framgang med solid laginnsats!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv