Damelaget: Ørskog-Ravn/Norborg 6-4.

14 mai 2009
Skrevet av:

damelag

6-4 (2-2)  Mål: Camilla Johansen 1, Mali Balstad 1, Trude D Otterlei 1 og 1 sjølvmål av Ørskog

Første omgang: Ørskog åpna best og scora også først. Ravn svarte ikkje lenge etterpå med eit innlegg som gikk via ein Ørskogspelar og i mål. Ørskog scora ikkje lenge etterpå med eit hardt og bra skudd som Solveig ikkje hadde sjans på. Ravn kom etter det meir og meir inn i spelet og hadde god kontroll på midtbana. Mål nr 2 for Ravn kom etter oppspil på spissen Camilla, som tok med seg ballen frå cornerhjørnet, gikk mot mål og scora frå spiss vinkel. Etter det så fekk både Ravn og Ørskog nokre gode sjansar og begge lag kunne ha leda til pause. Keeper Solveig Hurlen gjorde ein framifrå innsats og hadde mange gode redningar. Innsatsen førte også til hovne lepper etter støvelangrep frå ein Ørskogspelar og svimmelhet etter å ha tatt imot eit skudd med fjeset.

Andre omgang: Vi gikk ut med god tru på at vi kunne vinne denne kampen. Men kva Ørskog hadde gjort i pausa er ikkje godt å vite. Det var eit mykje meir samspelt lag og samarbeidet mellom deira to spissar fungerte farleg bra i vårt disfavør. Noko som resulterte i to kjappe mål for Ørskog. Mali svarte med eit mål etter eit langt oppspel og scora i duel med keeper. Men Ørskog svarte igjen med to mål. 6-3 var stillinga no og Ørskog byrja å roe seg ned. Vi kom meir inn igjen i kampen og etter fint samspel så scora Trude vårt 4 mål før dommeren blåste kampen av.

Vi er så heldige å ha to veldig gode målvakter på laget vårt, og det var desse to som var våre beste med kvar sin omgang i mål. Det positive å ta med seg frå denne kampen er at vi til tider spelar bra ilag og skapar sjansar, men utfordringa vidare blir å få til det oftare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv