Tap for G14, siger for Herre 7, tirsdag 05.05.

05 mai 2009
Skrevet av:

Det blei et klart tap for G14 mot Skodje på Skodje tirsdag kveld. 5-0 vart resultatet. Herre 7-laget derimot hadde små problemer med Fjørtoft på Fjørtofta og sigra 9-3. Måla vart sett inn av: Kjartan Myklebust (4), Svein Jakob Risvik (4) og Stian Eik (1). Fjørtoftingane hadde merka det som må vere ei av tidenes smalaste 7er-baner. Ravn gjekk likevel kjapt opp i ei 3-0 leiing. Den kjappe leiinga, kombinert med den utruleg smale bana, ei litt humpete grasmatte og regn, gjorde nok sitt til at Ravn-laget var litt uinspirerte resten av kampen. Det var og vanskeleg å få til det heilt store finspelet under desse forholda. Det jamna seg litt ut, og til pause stod det 6-2. Fjørtoft gjorde nokre vellykka rokeringar i pausa, og 2. omgangen vart forholdsvis jamn. Ravn var likevel hakket bedre og resultatet vart til slutt 9-3. Ein fornøgd gjeng kunne difor nyte sveleturen innatt til fastlandet. Anders Berg underheldt med mykje godt prat på fergeturen heimatt.

Andre resultat fra Herre 7-serien tirsdag kveld. Norborg-Brattvåg 3-3. Uavgjort mellom dei 2 laga vi reknar med å skulle kjempe om 2. plassen i pulja med. Aafk er etter fjoråret naturleg favoritt. Men Aafk greidde berre 2-2 mot Ørskog på Sjøholt tirsdagskvelden. Så forhåpentlegvis kan det bli jamnare i år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv