Dette blir ein viktig kamp for begge laga. Med Ravn siger vil vi ha same poengsum (9 poeng) som leiarlaga Brattvåg 2 og Hano, med same antall spela kampar. Med uavgjort vil vi ha same poengsum (7 poeng) som Lepsøy på 3. plass. Med Ellingsøy-siger vil Ellingsøy gå forbi Ravn og vere 2 poeng bak tetlaga, med ein kamp mindre spela. Det står med andre ord mykje på spel når det gjeld teten av 5. divisjon i denne kampen. Møt difor opp på stadion og støtt laget i denne viktige kampen.