Månedlig arkiv: mai 2009

5. div. Alaget tapte mot Ellingsøy.

27 mai 2009
Skrevet av:

kampmotellings1Alaget måtte bite i kunstgraset i møtet med Ellingsøy i kveld. Ellingsøy leda 2-1 til pause. I 2. omgang auka dei leiinga jamnt og trutt til det stod 4-1. Så fekk Ravn redusere til 4-2, før Ellingsøy satte spikeren i kista med 5-2 etter ei frisparkkanon. Ravn hang godt med og pressa i perioder, men slepp Ellingsøy altfor lett til, litt for ofte. Ellingsøy vart vel og snytt for eit par straffespark etter rufsete opptreden i Ravn-forsvaret, så ikkje noko å seie på at resultatet vart som det vart. Ellingsøy ligg dermed 2 poeng bak tetlaga HaNo og Brattvåg 2 med ein kamp mindre spelt. Ravn ligg 3 poeng bak med likt antall kamper, så der er fortsatt sjanser til å vere med i toppen.

Flott prestasjon av J13 i Volda.

27 mai 2009
Skrevet av:

j13

JUBLANDE J13-JENTER ETTER BRONSE I VOLDA CUP.

Flott bronsepokal til J13 etter god innsats i Volda Cup. Tapte mot vinnarlaget Volda i semifinalen (på corner). Kom sterkt attende og vann bronsefinalen 1-0 mot Ørsta. Jentene på biletet er : Andrea Indstø, Maria Hatlehol, Therese Norum, Andrea Noem, Amanda Tenfjord, Johanna Solvang, Oda N. Christensen og Ingrid Åsemyr.

Kjempegodt jobba jenter! Ravn er stolte av dere.

Ravn slo Aafk på Color Line Stadion!

27 mai 2009
Skrevet av:

G12

Ravn sitt G12 lag spilte Fair Play Cup på Color Line Stadion Kristi Himmelfartsdag. Etter å ha vunnet første kamp mot MSIL ventet Aafk i neste kamp. Og her viste våre gutter angrepsfotball av klasse, og vant en komfortabel seier. Siste kamp mot Herd Lerstad endte med et knepent ettmålstap. Men allerede søndag 24.mai var det ny seriekamp mot Harøy på bortebane. Og her ble det storseier og til tider sambafotball. Et minus rettes til Fjord1, da godteriautomaten på ferja var i ustand.

Juniorane vann 5-0 over Emblem.

27 mai 2009
Skrevet av:

Fire mål av Ole Birger Neergård, eitt av Even Vatneødegård og flott laginnsats gav årets første seier for Ravnjuniorane tirsdag.

 

Ravn – Emblem 5-0 (2-0)

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg. Ingen kort.

 

Endeleg klaffa det for juniorlaget, som har slite tungt i år. Men tirsdag gnistra det av gutane, som spelte betre og betre utover i kampen. Og i denne kampen klaffa det også framfor mål. Ole Birger Neergård gjorde måla i 1.omgang, begge på glimrande soloprestasjoner der han han parkerte gjesteforsvaret og avslutta først med ein elegant kipp frå spiss vinkel, og 2-0 mellom føtene på keeper.

 

Knapt minuttet var gått av 2.omgang før han fullførte hattricket. Etter ein perfekt stikker fra Eirik Tomren kom han åleine,  runda keeper og 3-0. Og 4-0 var omtrent reprise; ny flott pasning frå Eirik, og denne gongen lobba Ole B. elegant inn 4-0. Ein som vanleg hardtkjempande Even vise at også han kan lobbe, og det gjorde han perfekt frå 20 meter til 5-0. I sluttminutta var vi nære fleire scoringar, då kom både midtbanespelarar og stopparane opp og ville ha mål.

 

Laginnsatsen var framtredande, men nemnast må likevel Kim Krogsæter, som med sitt enorme hovudspel og rutine skapte tryggheit i forsvaret. Kjempekamp også av stopparkollega Erik. V. Stokke. Bortsett fra (litt for) mange cornerer, spelte ikkje Emblem seg til klare målsjanser, sjøl om dei var godt med i banespelet før dei gav opp mot slutten. Heile midtbanen jobba godt og var konstruktive, og på topp var Ole B ein trussel kampen gjennom.

Diverse resultat tirsdag 26.05.

26 mai 2009
Skrevet av:

Det blei en god dag for juniorlaget som slo Emblem heile 5-0 på heimebane, og tok dermed sin første siger for sesongen. Meir kjem. 13års-laga vår hadde og ein god dag der J13 vann 2-1 over Ørskog på bortebane. G13 slo til med heile 8-1 over Stordal på bortebane. Damelaget venter fortsatt på sesongens første siger. I dag blei det tap 4-0 på bortebane mot Stordal. Det var likevel ein temmeleg jamn kamp, so her kan ein seie at resultatet lyg ein del.

Tap for 14-årslaga våre.

26 mai 2009
Skrevet av:
  • J14: Spjelkavik 1-Ravn 13-5.
  • G14: Vigra-Ravn 4-1.

Etter å ha opna sesongen fint med 2 sigrar blei det bråstopp for J14 mot eit godt lag frå Spjelkavik. No skal det leggjast til at Ravn stilte med eit ungt lag. Dei hadde med seg spelarar frå både J13 og J12. G14-laget blei også litt for små i møtet med store Vigringar.

Alaget. Heimekamp mot Ellingsøy, onsdag 27.05 kl. 18.00.

25 mai 2009
Skrevet av:

Dette blir ein viktig kamp for begge laga. Med Ravn siger vil vi ha same poengsum (9 poeng) som leiarlaga Brattvåg 2 og Hano, med same antall spela kampar. Med uavgjort vil vi ha same poengsum (7 poeng) som Lepsøy på 3. plass. Med Ellingsøy-siger vil Ellingsøy gå forbi Ravn og vere 2 poeng bak tetlaga, med ein kamp mindre spela. Det står med andre ord mykje på spel når det gjeld teten av 5. divisjon i denne kampen. Møt difor opp på stadion og støtt laget i denne viktige kampen.

Tirsdag 26.05. Den store bortekampdagen.

25 mai 2009
Skrevet av:

Heile 6 av Ravnlaga skal ut i bortekamp denne dagen. Det trur vi må vere «Ravnrekord». Dette gjeld:

  • Dame: Stordal-Ravn/Norborg 4-0.
  • G11: Valder-Ravn.
  • G13: Stordal-Ravn 1-8.
  • G16: Valder-Ravn.
  • J11: Ellingsøy-Ravn.
  • J13: Ørskog-Ravn 1-2.
  • Og så blir det spela ein heimekamp, G19: Ravn-Emblem. Kl 18.30. Emblem har svinga i prestasjonane til no, og er eit lag Ravn skal kunne vere på talefot med dersom ein har dagen.
  • Mandag 25.05 skal G14 spele bortekamp mot Vigra. J14 skal spele bortekamp mot Spjelkavik.

5. divisjon avd. 3

23 mai 2009
Skrevet av:

Fredag 22.05: Harøy-Hano 2-3. Lørdag 23.05: Lepsøy-Brattvåg 1-3. Brattvåg 2 og HaNo toppar dermed tabellen med 9 poeng, Lepsøy på 3. plass har 7 poeng. Ravn ligg på 4. plass med 6 poeng, men har ein kamp mindre spelt. Tabell og kampprogram finn du her: Tabell

J13 slo topplaget Skodje på bortebane.

20 mai 2009
Skrevet av:

Desse jentene sluttar aldri å overraske. Etter å ha lege under 0-4 etter 12 min, gav jentene aldri opp, og kunne gå av bana med siger 6-4. Pauseresultat 1-4. Fantastisk snuoperasjon. Målskårar for Ravn ; Andrea Indstø 5, og Amanda Tenfjord. Flott innsats av desse jentene: Johanna Solvang, Andrea Indstø, Andrea Noem, Victoria Standal, Oda Nybø Christensen, Ingrid Åsemyr, Amanda Tenfjord og Pauline Neergård.

Av naturlege årsaker har det dukka opp mykje «grå hår» i støtteapparatet.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv