Kjell Jonevret lovpriste Ravnbana overfor æresmedlem Olav Skodje i IL Ravn. -Dette er av det beste kunstgraset vi har spelt på. Sånt gras har vi ikkje på Reknesbana i Molde. Det liknar mest på det som Stabæk har lagt i Telenor Arena, sa Jonevret. Då romsdalingen Per Hånde, busett i Tennfjord, kom med ei jakke som han ville ha Mfk- autografar på, gjekk Jonevret rundt til alle spelarane sine. Litt av ein service frå den sympatiske svensken.
Arnt-Ove