Flott serieåpning for Alaget. 5-1 over Harøy.

30 april 2009
Skrevet av:

A-laget leverte ein svært god seriepremiere på KGB torsdag. Solid forsvarsspel,  ei kreativ midtbane som jobba hardt,  og sjanseskapande angrepsspel var nokre av ingrediensane som gav 5-1 mot Harøy.

 

Ravn: Svenn, Bent Erik, Øyvind, Eivind, Magnus H, Harald, Dag, Ingebrigt, Trond, Sverre, Tore. Innb: Magnus ST, Stian, Jørn H, Jørn K, Kim.

 

Mål: Sverre og Trond 2 kvar, Eivind (str)

 

Ravnbørsen: 3p: Sverre. 2p: Harald. 1p: Øyvind

 

Ravn åpna aggressivt og spelte seg til to hjørnespark i åpningsminutta, og scora på det andre. Litt fram og tilbake, og Sverre Flem sette ballen i mål.

Heimelaget var flinke til å bruke sidene, og med ein luftsterk Sverre tilbake var det farleg kvar gong innlegga kom. Og mange framspel og innlegg kom frå den presise foten til høgreback  Benny, som spelte feilfritt til han måtte ut med skade halvvegs i 1.omgang.

2-0 kom på ei flott soloprestasjon av Trond Hamre, som drog av tre mann før han dundra ballen i mål.

Mot slutten av omgangen var  Sverre på plass igjen, med ei perfekt heading til 3-0 etter eit innøvd cornertrekk.

 

Harøy hadde ein bra periode første halvdel av 2.omgang, då dei reduserte, men skapte elles ikkje så mange sjansar. Mot slutten kom Ravn sterkt tilbake og kunne scora meir enn på straffesparket til Eivind og den fine scoringa til Trond i sluttminutta.

 

Trenar Erlend gjorde fleire bytte i 2.omgang, utan at det svekka laget. Ravn har vel ikkje hatt ein sterkare tropp dei siste 15 åra?   

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv